Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Hattrick Fotballmanagerspel | Bli med i den gratis fotballverda 

Hattrick Fotballmanagerspel | Bli med i den gratis fotballverda



Fotballmanagerspel på internett - Kampordrevisning

Du er sjefen - i eige tempo

Hattrick er eit fotballstrategispel der du byggjer og styrer laget ditt over lang tid. Logg inn kvar dag eller ein gong i veka. Om du gjer dei rette tinga har du uansett den same sjansen til å bli meister!

 
Fotballmanagerspel på internett - Spelarvisning

Bygg og tren laget ditt

Du utviklar laget ditt gjennom trening. Hald styr på finansane. Finn nye spelarar på overgangsmarknaden, eller start ditt eige ungdomslag for å finna dine eigne talent i den komande generasjonen.

 
Fotballmanagerspel på internett

Utmanøvrer motstandarane dine

Du kjempar mot andre menneskelege managerar i ligasystemet og i cupar. Du byrjar i dei nedste divisjonane og så klatrar du vidare på veg mot toppen. Du kan òg lage eigne, private turneringa der du kan spela med venene dine.

 
Fotballmanagerspel på internett

Fellesskapen og tilleggsfunksjonar

Fellesskapen er verkeleg noko for seg sjølv i Hattrick. Bli med i dei aktive foruma våre, og få nye vener frå heile verda. Me har flotte appar til iOS og Android, i tillegg til eit vidt spenn av tredjepartars programvare.

Det klassiske online fotballmanagerspelet

Hattrick er eit nettbasert fotballmanagerspel, der du tek rolla til ein manager med eit oppdrag om å ta klubben din til toppen av ligasystemet! Du tek hand om alle sider av klubbdrifta: kjøp og sal av spelarar på overgangsmarknaden, avgjer kva evner som bør trenast på, førebur ein taktikk til kvar kamp laget ditt vil spela i den nasjonale ligaen og cupen, som til dømes Sambandsstatane (USA) og US Open Cup.

Når kampen din byrjar, så vil kampen simulerast i systemet vårt og du kan fylgja hendingane i den levande framsynaren vår, og i mellomtida prate med dei andre motstandarmanagerane! Om du ynskjer det, så kan du sjå og analysera kampen etterpå i staden for.

Hattrick er fyrst og fremst eit strategisk fotballmanagerspel der du må planleggja langsiktig. Skal du investera i betre fasilitetar, eller nytta pengane på ein aldrande stjernespelar som kan auka lagprestasjonane på kort sikt? Bør du forfremja lovande forsvararar eller angriparar frå ungdomsakademiet?

Vel godt, tenåringstalentene dine kan kanskje bli stjernene i laget ditt i mange sesongar frå no av, kanskje den neste Lionel Messi, Christiano Ronaldo eller Kylian Mbappé i Hattrick-universet!

Ein stor del av spenninga er at det er ei multispelaroppleving - laga du møter er styrt av andre menneske, som vil freista å utmanøvrera deg. Det finst ein stor fellesskap du kan dykka inn i for å læra deg dei beste måtene å trena på, setja opp taktikken til laget ditt og betra klubbøkonomien.

Stjernespelarane dine kan til og med verte plukka ut til internasjonale oppgåver, ved å spela for landslaget til USA! Kvart år organiserer Hattrick ein verdsmeisterskap for anten senior- eller for U20-landslaga. Dei regjerande verdsmeistrane i Hattrick er Lëtzebuerg. Sjekk finalen i verdsmeisterskapen her! Lëtzebuerg - Nederland

Om du sjølv vert ein stor manager, så kan du stille som kandidat ved valet av neste landslagssjef og bli valt inn av dei andre managerane i Hattrick. For tida er det 136 nasjonale ligaer i Hattrick, og du kan bli ein kandidat for ein av dei, sjølv om laget ditt er i ein annan liga.

I Hattrick er det alltid noko å gjera på, anten å henge på foruma for å prata om Hattrick eller generelle fotballnyhende, eller for å gjera eit kupp på overgangsmarknaden i løpet av sesongpausen.

Men det er òg viktig at du veit at Hattrick er eit spel som kan spelast i ditt eige tempo. Om du nyttar 30 minutt kvar veke til å setje kampordrane dine og oppdaterar treningsplanane til laget ditt, så er du i stand til å tevle og prestera bra i hovudtevlingane - så lenge du gjer smarte val.

Ulikt mange andre spel, så treng du ikkje logga deg inn kvar dag for å samla bonusar eller tena in-game valuta. Det finst ingen måtar å kjøpe seg føremon i Hattrick. I staden kan du bil ein Hattrick Supporter, noko som gjev deg mange funksjonar utforma for å gjera spelet meir morosamt og interessant, men som ikkje inkluderer nokon verkelege føremon i spelet.

Hattrick er det originale nettbaserte fotballmanagerspelet, og me har vore på nettet sidan 1997. Grunnleggjarane er framleis aktive og dedisert til å tilby Hattrick som eit gratis fotballspel.

Me meiner at me sameiner det beste frå dei tradisjonelle datamaskinbaserte fotballmanagerspel, som til dømes Football Manager-serien, men på ein meir engasjerande måte sidan du alltid spelar mot personar i røynda.

Det inkluderer alle aspekt av fantasifotballspel, og frå konsollfotballspel som t.d. FIFA Ultimate Team, der du samlar og byggjer fotball-lag anten for å spela mot andre brukarar eller for å samla troféar og bragder.

Me ynskjer alle dykk velkomne til Hattrick - det beste gratis fotballmanagerspelet der ute! Det er heilt gratis å bli med, du treng ingen nedlastingar og du har i tillegg tilgang til gratis appar for iOS eller Android der du kan handsame alle sider av spelet, noko som òg gjer Hattrick til eit mobilt fotballspel.

Ver varsam, Hattrick kan gjera deg avhengig - mange av brukarane våre har spela i 10 år eller meir, og er framleis aktive.

 
Server 081