Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Autobod døme

To autobodgjevarar byr mot kvarandre

Når to autobodgjevarar byr mot kvarandre, så vil laget som legg inn det andre maksimale bodet fyrst auka det noverande bodet med den minimale summen. Systemet vil så samanlikna dei to boda og med det same legga inn det avgjerande bodet.

Døme: Lag A legg inn eit maksbod på 500 000 kr, og får med det det høgste bodet som er 200 000 kr. Lag B legg så inn eit maksbod på 400 000 kr. Bodhistorikken vil då sjå slik ut:

Lag A - 200 000 kr
Lag B - 210 000 kr
Lag A - 410 000 kr

Som du kan sjå, så sjekkar systemet dei to boda og hopper over bodgjevinga opp til der Lag A aukar bodet til Lag B (400 000) med minst mogleg sum.


I fall det er to lag som har lagt inn likt maks bod

I fall to lag legg inn likt maks bod, så er grunnregelen at den fyrste bodgjevaren får legga inn bodet. Om me brukar dømet ovanfor med den endringa at Lag B òg legg inn eit maks bod på 500 000 kr, vil det sjå sånn ut:

Lag A - 200 000 kr
Lag B - 210 000 kr
Lag A - 500 000 kr

Systemet sjekkar dei to boda, og hoppar over bodgjevinga opp til maks. Og sidan maks bod er det same for båe lag, så vil den fyrste bodgjevaren få legga inn det bodet.


I fall eit manuelt bod vert lagt inn med same beløp som eit aktivt maks bod

Om nokon legg inn eit manuelt bod med same beløp som eit allereie aktivt maks bod, så vil den fyrste bodgjevaren (autobodgjevaren) tapa bodet. Dette er av di manuelle bod vert prioritert over autobod. Soleis vil det sjå ut i bodhistorikken:

Lag A – 200 000 kr
Lag B – 500 000 kr


I fall nokon legg inn eit manuelt bod som er lågare enn eit aktivt maks bod, men det aktive maks bodet er ikkje høgt nok til å auka bodet med 2%

Her òg er det den grunnleggjande regelen om at den fyrste bodgjevaren får legga inn bodet som slår inn. Ved å nytte dømet ovanfor, men lat oss seie at Lag B legg inn eit bod på 495 000 kr i staden. Lag A kan ikkje auka bodet fordi maks bodet er 500 000 kr, og bodrunden blir avslutta med at Lag B kjøpar spelaren. Bod historikken vil sjå slik ut:

Lag A – 200 000 kr
Lag B – 495 000 kr


Gå attende >>
 
 
Server 080