Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Husreglar

Oppførselen din

Du kan gjera mykje i Hattrick og med Hattrick, men for å gjera spelet gildt for alle, må me ha nokre reglar om korleis ein skal oppføra seg. Desse reglane er enkle og sjølvsagde, og dei gjeld alt som har med Hattrick å gjera. Hattrick skal vere morosamt og trygt å spela for alle, utan omsyn til alder, kjønn, opphav, rase eller religion. Kort sagt, så vert det forventa av deg at du er høfleg med andre og handsamar andre med respekt og tek omsyn til at born òg er velkomne i Hattrick.

Den som bryt desse reglane, kan verta utestengd frå Hattrick med det same. Merk deg at ein spelsjef (GM) har absolutt autoritet i ei avgjersle, om einkvan bryt desse reglane.

Det er strengt forbode for deg som Hattrickspelar å gjera noko som helst av det som er nemnt nedanfor:

  • Å senda trugsmål, fornærmingar eller nedsetjande meldingar via HT-post, meldingar i gjesteboka eller på anna vis til andre brukarar, eller på Hattrick sine forum. Spamming av brukarar eller forum, t.d. sending av uønskte meldingar som reklame, annonsering av treningskampar og førespurnader om å få tilhengjarar. Det er også forbode å gjera noko støytande eller på noko anna vis fornærmande.
  • Å freista på å stela eller sabotera det som er eigedomen til Hattrick Europe Ltd., eller oppmoda andre til å gjera dette. Det som vert rekna som eigedom, inkluderer tenarar, programvare og kopibeskytta materiale.
  • Skanning av nettstaden, eller kreering, bruk eller distribusjon av tilleggsfunksjonar som automatiserer delar av spelet, om ikkje desse tilleggsfunksjonane er autoriserte av spelutviklarane. I tillegg kan du heller ikkje automatisk inkludera delar av nettstaden på andre nettstader eller i andre tilleggsfunksjonar.
  • Å juksa på nokon som helst måte, som til dømes å freista å dekoda passord til andre spelarar, eller å freista, på nokon som helst måte, på urimeleg vis å øydeleggja gleda for andre spelarar.
  • Å freista å henta informasjon som ikkje er lenka på sida, eller å freista å posta data på liknande vis. Du får berre tilgang på informasjon, og kan berre navigera på nettstaden, gjennom å nytta ein nettlesar eller ein CHPP-godkjend tilleggsfunksjon.
  • Å koma med skuldingar om juks, reklame for verkelege gjenstandar (dette inkluderer referanselenkjer), å oppmoda til kriminelle aktivitetar og/eller bruk av narkotika, å publisera korrespondanse med HT-funksjonærar, dela særskilde fakta om GM eller MOD eller diskutera individuelle avgjersler.

Sist, men ikkje minst: du kan berre ha ein brukarkonto. Me seier det ein gong til: det er forbode å kontrollera meir enn ein konto. Om du kontrollerer fleire kontoar, kan du risikera å verta utestengd frå Hattrick. Det vil ikkje hjelpa om ein av venene dine registrerte kontoen: om det er du som kontrollerer kontoen (gjev ordrar), er du å rekna som eigaren. Kontoen din er å rekna som privat, noko som tyder at du ikkje kan la vener eller familie logga seg inn for å nytta kontoen din, eller gje det vekk til ein annan person. Det er òg forbode å kjøpa spelarar frå vener, til openberre overdrevne prisar, sjølv om du berre prøver å vera hyggjeleg! Om du har motteke eit overdrive bod på ein av spelarane dine, ta kontakt med ein Spelsjef (GM) med det same.

Når det gjeld situasjonar som ikkje er uttrykkjeleg nemnde i reglane, har HT-funksjonærane (GM, MOD, CHPP) autoritet til å avgjera alle situasjonar ut frå sitt eige skjøn, men i tråd med reglane. I tillegg er all korrespondanse med Hattrickfunksjonærar strengt personleg og må ikkje publiserast eller vidaresendast på noko som helst vis.

 
 
Server 080