Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Hjelp »   Husreglar »   Spelsjefar 

Husreglar

Spelsjefar

I Hattrick er det ein del Game Masters (GM-ar), eller spelsjefar, som me seier i denne omsetjinga. Dette er ei lita gruppe med særs gode og pålitelege spelarar som har vorte utnemnde for å sikre at spelet verkar slik det skal, for å hindra juks og for å hjelpa spelarar som har problem med laget sitt. Spelsjefane stiller opp fordi dei liker å hjelpa til, og dei får ikkje betalt for jobben.

Somme gonger må ein spelsjef (GM) reagera og diskvalifisera einkvan som juksar eller som bryt reglane for oppførsel på nettstaden. Om dette skulle henda med deg, og du meiner at du er urettvist straffa, så har du rett til å forklåra kvifor du meiner du ikkje er skuldig. Men, og dette er viktig, i Hattrick gjeld dei same reglane som på fotballbana.

Du kan koma med spørsmål om kvifor du har vorte utestengd, men ein spelsjef (GM) har inga plikt til å gjera greie for alle prova han har. Om spelsjefane alltid skulle avsløra korleis dei fanga juksarar, ville det ha vorte mykje vanskelegare å oppdaga juks i framtida. Dei treng difor ikkje å prova det dei meiner er juks. Likevel er det den sure plikta til ein spelsjef å suspendera alle som han er overtydd om har juksa.

Spelsjefane har fullmakt til å gje fleire typar straff, alt frå bøter til klubben til full utestenging frå spelet.

Ei avgjerd frå ein spelspef (GM) kan du anka til ein senior-spelsjef, og avgjerda deira er endeleg. Ver merksam på at om du ankar straffa di, kan ho verta både større og mindre når den endelege avgjersla vert teken.

Me i Hattrick-teamet stør oss på funksjonærane våre. Spelsjefane (GM-ane) diskuterer regelmessig prinsippa for å hindra juks med oss, men me vert aldri involverte i dei einskilde sakene. Dei me utnemner til funksjonærar, er personar som me lit på av heile hjarta.

For å kontakta ein Spelsjef (GM), gjer vel og sjå vår contact page. Ver venleg å ikkje nytta det interne HT-postsystemet til å kontakta funksjonærar i offisiell samanheng. Den interne posten er meint til deira eigne lag, og ikkje til bruk i rolla deira som funksjonærar. Hugs òg at all korrespondanse mellom funksjonærar og brukarar er å rekne som privat og bør handsamast deretter.

 
Server 071