Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Oppstilling: røynsle og forvirring

Formasjonsrøynsle

Laget ditt kan spela i den formasjonen du ynskjer, men spelarane dine kan verta forvirra og spela langt dårlegare enn det dei eigentleg er gode for, om du brukar ein formasjon dei ikkje har røynsle med. For å få opp røynsla med ein formasjon, og unngå forvirring, treng laget ditt heilt enkelt å trena. Du får litt røynsle i ein formasjon kvar gong du brukar han (treningskampar og offisielle kampar tel like mykje, men ikkje turneringar, stigar, duellkampar eller Hattrick Masters). Mengda med røynsle du får for kvar formasjon er minuttbasert (maks 90 minutt per kamp), på same måten som med trening. Om du vinn ved walkover og hadde minst 9 spelarar i startoppstillinga di, så får du òg formasjonsrøynsle som om kampen vart spela i 90 minutt. Å auke formasjonsrøynsla vert hardare for høge nivå. Om du ikkje brukar ein av formasjonane på ei stund, kjem røynsla med denne formasjonen til å minka over tid. I tillegg er det ein risiko for at formasjonsrøynsla vert noko redusert når du sel ein spelar.

Forvirring

Om spelarane dine ikkje har god nok røynsle med ein formasjon, kan dei verta forvirra kor tid som helst i løpet av kampen. Dette påverkar prestasjonane deira i negativ retning. Ein utmerkt formasjonsrøynsle (eller betre) er nok for å halde deg på den trygge sida. For lågare nivå aukar risikoen for forvirring etter kor dårleg formasjonsrøynsla er. Men om den samla røynsla til spelarane dine (sjå under) er høg, vert risikoen mindre.

I høve forvirring vil din formasjonsrøynsle også avgjere kor forvirra spelarane dine vil bli; dess lågare formasjonsrøynsla er, dess meir forvirra vert spelarane dine. Dersom spelarane dine vert forvirra, vil organiseringsnivået deira visast i ein tekst i kamprapporten. Når forvirringa vert skildra med at organiseringa fell til "katastrofal", tyder det forvirringa var stor, medan det har mindre effekt om organiseringa berre fall til "god". Om spelarane er forvirra til pause (eller før ekstraomganger), kan trenaren din betra situasjonen noko med ein ekstra orientering.

Den individuelle røynsla til spelaren

Røynsle har positiv innverknad på prestasjonane til spelaren på bana. Spelaren får røynsle gjennom å spela kampar. Den nasjonale cupen og divisjonscupen gjev omtrent dobbelt så mykje røynsle samanlikna med ein seriekamp. Ponduscup- og Trøystecupkampar gjev spelarane dine halvparten av røynsla dei ville fått i ein seriekamp. Ein internasjonal treningskamp gjev omtrent ein femtedel av røynsla som ein seriekamp gjev, og ein treningskamp i ditt eige land gjev omtrent halvparten så mykje røynsle som ein internasjonal treningskamp. Landskampar gjev aller mest røynsle, og kampane i turneringa Hattrick Masters gjev berre litt mindre røynsle enn landskampar.

Kor god røynsle ein spelar får, er minuttbasert, på same måten som treninga. Ein spelar kan ikkje få meir enn 90 minutt opparbeidd røynsle i kvar kamp.

Lagkapteinen og den totale røynsla

Du kan velja ein lagkaptein til kvar kamp. Røynsle og leiarevne er viktige eigenskapar for kapteinen, sidan det har ein positiv effekt når den totale røynsla til laget vert rekna ut – noko som både kan hindra forvirring og gjera spelarane mindre nervøse i viktige og dramatiske oppgjer. I slike høve er det berre laget som har lågast total røynsle på det tidspunktet i kampen som risikerer ein negativ effekt grunna nervøsitet. Skilnaden på røynslenivået mellom laga avgjer kor nervøse spelarane vil verta. Laga vil aldri slite med dette i seriekampar og treningskampar.

Lagkapteinen må vera med i startoppstillinga til kampen. Om du ikkje vel ein lagkaptein, vil spelarane dine velja ein kaptein dei trur vil gjera ein god jobb.

Straffetakarar

Cupkampar og kvalifiseringskampar kan enda i straffespark-konkurranse om det framleis er uavgjort etter ekstraomgangane. Du vel dine straffespark-takarar ved hjelp av ei underside i kampordreskjemaet. Når du set opp straffetakarane, må du tenkja på at ingenting er meir nervepirrande enn ei straffekonkurranse, og at kvart straffespark (ikkje vanlege straffar under kampen) er ein skikkeleg test av røynsla til spelaren. Utanom røynsla har målskårings- og daudballevna til straffetakaren mykje å seia for korleis det går med straffesparket. Det er òg positivt om han har spesialiteten "teknisk". For målvaktene er det berre målvaktsevna som har noko å seia.

 
 
Server 080