Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Spelarar

Landslagssjefen står fritt til å ta inn spelarar frå heile verda, så lengje dei er fødde i landet til landslaget og speler på eit aktivt lag som har ein eigar.

Landslaget kan ha opp til 26 spelarar i troppen på ein gong. Når denne grensa er nådd, må ein spelar fjernast før ein ny kan leggjast til. Når ein spelar vert fjerna frå troppen, så vil stemninga gå noko ned blant dei resterande spelarane. Unnateke dette, så er det for tida ingen andre konsekvensar av å leggje til eller fjerning av spelarar.

Landslagssjefen kan sjå all informasjonen på spelarane i troppen, den same informasjonen som du kan sjå på spelarane i din ordinære klubb. Når spelaren vert fjerna frå landslaget (eller kontrakten til trenaren går ut), så er landslagssjefen ikkje lengjer i stand til å sjå den løynde informasjonen.

Det er klart at landslagssjefen treng å få tips frå fellesskapen for å finne dei beste spelarane til landslaget. Kampkarakterar og Supporter-statistikk kan også hjelpe til med å finne dei beste spelarane. Spelarar i utlandet kan det vere vanskeleg å finne tak i, så ein landslagssjefen bør vurdere å få seg nokre assistentar.

 
Server 071