Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Hattrick annonserer

11-26-2020 Val for dei nye U20-laga

I januar har me avspark for det nye verdsmeisterskapssystemet vårt, som blant anna garanterer at alle ligaene i Hattrick kan ha sitt eige landslag og tevla i dei nye konkurranseformata.

Eit viktig steg mot dette skjer no, der me tjuvstartar prosessen ved å oppretta U20-lag for dei 16 ligaene som for tida manglar eit. Ei nøkkelrolle her vil bli gjeve til dei mellombelse trenarane, som skal veljast neste veke. I om lag ein månad, så vil desse trenarane kunne byrje speide spelarar, oppretta prospektlister og bygge ein fellesskap rundt dei nye landslaga. Ingen kampar blir spela enno. Kom januar, så vert det nye val for alle U20-laga, og dei nye landslaga vil vere fullt operative. Dei vil kunne spele kampar og delta i tevlingar. (Tidspunkt for når dei nye seniorlaga vert lagt til er enno ikkje klart, men dei kjem relativt kjapt og vert annonsert separat).

Om du er interessert i å vera ein mellombels trenar for eit nytt U20-land, så kan du opna kandidaturet ditt frå fredag 27. november.

Vala byrjar på måndag 30. november, og vil halde fram i ei veke.

Som ein mellombels trenar, så har du ein viktig jobb med å førebu landslaget for neste sesong. Du er òg velkomen til å stille som kandidat i det neste valet, og halde fram med arbeidet ditt når den nye verdsmeisterskapen kjem i gong.

Her er alle dei nye landslaga som ser etter ei stødig hand til å leie dei inn i framtida!

São Tomé og Príncipe, Komorane, Sri Lanka, Curaçao, Guam, Kongo, Etiopia, Saint Vincent og Grenadinane, Belize, Madagaskar, Botswana, Myanmar, Zambia, San Marino, Haiti og Puerto Rico.

11-19-2020 Hallo, verda

I dag tek me Verda-sida på ein svingom. Med det nye spennande formatet for verdsmeisterskapen i kjømda, så har me endra utforminga til Verda-sida sånn at no vil fokus alltid vera på status for internasjonale tevlingar som held på no. Me har òg gjort det lettare å oppdaga regjerande meistrar (hurra til alle dei!), og i tillegg har me lagt inn ein nyhendestraum med pressemeldingar frå landslaga.

Endringane over er alle på den nye oversiktssida for verda, som du ser når du klikkar på Verda i toppmenyen. Men du vil òg kunne sjå nokre endringar for Verda i den venstre hovudmenyen.

Det har no blitt omorganisert, sånn at lenkjer til dei ulike internasjonale laga og tevlingane vert å finne på undermenyane Internasjonal (landslaga), Klubbtevlingar (Masters og andre klubbturneringar) og Nasjonal (som inneheld lenkjer til den lokale ligaen din).

Me vonar du vil like oppdateringa!

11-13-2020 Caesar Spor II vinn Hattrick Masters

I går kveld spela Caesar Spor II frå Sénégal og Fc Guerez frå Belgia mot kvarandre i Hattrick Masters-finalen for å avgjera kven som skulle ta Hattrick Masters-troféen med seg heim.

I byrjinga av kampen såg det ut til at Fc Guerez var det sterkaste laget utpå bana. Det var då særs overraskande at når ein spelar frå Caesar vart sendt av bana med eit raudt kort i det 32. minutt, så såg det ut til å paralysera Guerez fullstendig. Ved pause innsåg dei at om Caesar hadde vore meir effektiv, så hadde det vore bortimot uråd å henta seg inn att i 2. omgang. Når det likevel berre var 2 - 0 og med ein mann meir på bana, så var det framleis von om ei lukkeleg ending på denne soga.

I starten på den andre halvleiken såg det ut til at Guerez ikkje hadde gitt opp heilt, men 15 minutt seinare synte resultattavla 4 - 0. Med ein halvtime att å spele kunne dette framleis gå frå vonlaust til katastrofalt. Men sjølv når all von såg ut til å vera ute... eit mål eller to... så var det lys. Stillinga var 4 - 2 med 18 minutt att på klokka. Diverre for belgiarane, så vart det ikkje fleire mål i resten av denne Masters-finalen. Så troféen gjekk til laget frå Sénégal, og alle som var att på stadion kunne bli med på festen på 'afrikansk' vis.

Gratulasjonane våre går til Caesar Spor II og manageren deira Caesar1.

11-6-2020 Mykje kjærleik for appane

Me har ein ekstra saftig lansering for appane våre i dag!

Mange nye sider har blitt lagt til. Du kan no oppretta turneringar, og invitera lag. Du kan sjå evneutviklinga, løn og skadehistorikk, og minneverdige hendingar til spelarane dine. Treningsoverslag for individuelle spelarar har òg blitt lagt til for Supporterar. Du kan sjå kampkalender, toppskårarar og opprykksstatus for serien din òg.

Vil du ha meir? Javel, då. Me har lagt til treningsoppsummering, bragdene dine og flaggsamlinga inne i appen! Og til slutt, Hattrick Presse har fått sin eigen plass der i tillegg. No kan me varsla deg når du har gløymd å senda inn kampordrane dine.

Det er likevel ikkje alt. På utformingsfronten finst det no ein sirkel-knapp nedst i høgre hjørne på nokre sider, som opnar opp ein annleis meny. Ein me trur vil kunne gje betre navigering til dei nye sidene.

Til slutt har me gjort nokre mindre endringar til sider som alt var i appen. No viser me skåra sjansar i sjansetabellen. Me viser kamptype og reglar på utfordringssida, og me viser spesialitetar på kampsida.

Som alltid, så kan du lasta ned appen gratis Android i tillegg tilApple iOS-brukarar.

Om du likar oppdateringa, hjelp oss gjerne med å gje appen ei vurdering.

Kos dykk!

11-4-2020 Ei lita treningsjustering

I dag justerar me på presentasjonen av treningstypar på treningssida. Først har me endra nemnet på nokre av treningstypane, slik at dei passar inn i kva som faktisk blir trent. Me endrar til dømes kantspel frå det som tidlegare blei kalla innlegg.

Dette er berre for å unngå forvirringar, spesielt for nye brukarar i Hattrick.

Me vil også presentera treningstypar gruppert i kategoriar som beskriv korleis treningstypen fungera.
"Fokusert" er alltid den raskaste måten å trene ein spesifikk evne, som "Ballfordeling" eller "Målvakt". Dei "Forlenga" treningstypane trenar også ei evne, saktare, men fleire spelarar kan bli trent i løpet av ei veke.
Og til slutt har me kategorien "Kombinert", som me har brukt for til dømes "skottrening" som no får namnet "Målskåring og daudball".

Ingen av endringane vil ha ein effekt på sjølve treninga! Me ynskjer berre å gi dykk ein liten merksemd til dykk om at det vil sjå litt anleis ut enn det dykk er vande med, og det er ingen grunn til å få panikk.

10-21-2020 Slutt på sumartida!

På sundag morgon er det slutt på sumartid, og klokka vert skrudd attende til standard Central European Time. Det tyder at timen mellom 02:00 og 03:00 CET vil koma to gongar på rappen. Alle kampar, spelarovergangar osb. vil sjølvsagt berre henda éin gong.

10-12-2020 Hattrick Masters-trekking

Hattrick Masters startar måndag i neste veke. Trekkinga for utgåva denne sesongen vil finna stad i dag klokka 15:00 (CET).

 
 
Server 081