Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Leiarar

Ny kampside – og sommarvegkartet


2019-05-07 14:17:00

I dag slepper me ei stor oppdatering for kamprapportsida, i tillegg til nokre mindre endringar på Live-sida. Du kan vente deg betre yting, mykje ny og lett tilgjengeleg informasjon og ei oppdatering av designet. Me nyttar samstundes høvet til å seia litt om sommarvegkartet vårt.

Etter ein haust og vinter der me har prøvd å sleppe noko nytt omtrent kvar veke, har farta gått noko ned. Me har likevel arbeidd hardt i skjulte.

Kamprapportsida er ei lykelside i Hattrick og har i det store og heile vore uendra i to tiår. Etter å ha arbeidd med å modernisere andre viktige sider det siste året, slik som kampordresida og spelar- og overgangssidene, kjente me at det var på tide å omfamne kamprapportsida.

Det fyrste du vil leggja merke til på den nye kamprapportsida er ein ny utsjånad som er veldig likt Live-sida. Om du tidlegare har følgt ein kamp direkte, gav det kanskje inga meining at spelarkarakterane og sektorkarakterane vart presentert på ein heilt ny måte med ein gong kampen var ferdigspelt.

Ein ferdigspelt kamp vil ha eit kort samandrag av kampen. Når det er klikka bort finn du bana med spelar- og sektorkarakterar, nett som i Live-funksjonen. Høgdepunkta kjem no i kronologisk rekkjefylgje og me har lagt til nokre nye funksjonar som til no berre har vore tilgjengelege i nettlesarutvidinga Foxtrick. Du vil finna nye hendingstypeikon og hendingsskildringar som gjer det enklare å analysere kva for hendingar som kom i kampen din. Det er lagt til ein «kopier til utklippstavla»-funksjon som gjer det lettare å dele kampkarakterar på forumet. Den største endringa som er inspirert av Foxtrick er at me har endra samanlikningsfunksjonen for sektorkarakterane til noko me kallar «effektive karakterar». I staden for å ta forholdstalet mellom karakterane til laga i ein sektor, vil me syne det faktiske sannsynet for kvart lag til å vinna ei hending i den sektoren. Det talet er mykje meir nyttig i og med at det seier noko om korleis kampsimuleringa fungerer. Om eit lag til dømes har ein midtbanekarakter på 9 og spelar mot eit lag med midtbanekarakter på 6 vil det ikkje lenger verte synt 66 % føremon, men eit endå høgare sannsyn. Du kan framleis bruke det gamle forholdstalet, om du har lyst.

På Live-sida er utsjånaden som før, men alle dei nye funksjonane i kamprapporten (effektive karakterar, skildringar, kronologiske høgdepunkt og nye hendingstypeikon) er lagt til her òg. I tillegg har me betra tidslina i Live-framsyninga ved å gjera det lettare å gå fram og attende mellom ulike hendingar i ein kamp. Men viktigst av alt er at Live-framsyninga har auka ytinga og skal vera snøggare å laste inn og ha mindre forseinking i oppdateringa.

Med dette ute av verda går me attende til å arbeide med resten av vegkartet vårt.

Etter det siste utviklingsmøtet for om lag ein månad sidan har me arbeidd på to frontar. Den eine har vore å lufte idear om eit nytt landslagssystem på eit forum for tidlegare og noverande landslagssjefar. Desse gjekk ut på å lage eit landslags- og verdsmeisterskapsystem som tillèt fleire lag å delta lenger. Det skal gje mindre juks og sabotasje og oppmuntre til meir deltaking frå vanlege managerar på fleire måtar. Responsen og attendemeldingane var overraskande og inspirerte oss verkeleg til å gå vidare med planane. Me planlegg ein leiarartikkel om det nye systemet seinare i mai. Der vil me skrive om nokre fyrste nye funksjonar som kjem i juni og eit turneringsformat som kjem seinare i år.

Den andre fronten me har arbeidd på er mindre openberr for brukarar, men òg viktig: betre promotering av spelet. Kvifor no? Dei siste seks månadene har me sett ein auke i kor mange brukarar som vel å verta i spelet i staden for å slutte. Dette er særs viktig for einkvar nettbedrift og noko me er veldig glade for å sjå. No meiner me at det vil løne seg å ta ein kikk på korleis me kan marknadsføre oss betre.

Me har allereie utført ein masse arbeid med marknadsføring, primært med tanke på auka synlegheit i søkemotorar – der har Hattrick verkeleg vore i bakleksa. Me har nytta eit par veker på dette og vil nytte nokre til i mai. Vonleg kjem Hattrick mykje høgare på søkelistene, noko som vil gjera det lettare å finna oss for nye, interesserte managerar. I samband med dette tek me ein gjennomgang av korleis me nyttar sosiale medium. Her vonar me å klare å auke aktivitetsnivået vårt.

Når alt kjem til alt trur me at hovudårsaken til at fleire brukarar vert verande i Hattrick er at me har endra oss frå å ha lange prosjekt, med den same lange stilla frå teamet, til å prøve å sleppe nyhende regelmessig, slik at alle ser og kjenner at spelet heile tida går framover. Me vil prøve vårt beste for å halde fram på den måten. Det gjer ting meir moro for oss og for deg!

HT-Johan
Oversikt alle leiarar

Reaksjonar frå fellesskapen

Ingen har skrive ei pressemelding om dette enno.

 
 
Server 080