Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Verda »   Nyhende 

Nyhende

10-20-2017 Leiar: Eit nytt blikk på den nye kampordresida

Sidan den fyrste utgjevinga av det nye kampordreskjemaet i august, har me gjort mengder med vidare utbetringar på det – og me trur det er verdt eit nytt blikk no. Om du ikkje vart overtydd ved lanseringa, så kan det henda du likar det betre no! I dag introduserer me òg ein heilt ny funksjon – funksjonen for vurdering av sidene våre.
Det nye kampordreskjemaet har vore det største prosjektet for oss i år, og det er veldig viktig for oss at denne kjernedelen av spelet endar opp så bra som mogleg. Sidan den fyrste utgjevinga, har me halde fram med å utbetra den nye kampordresida. I dag har me lyst til å oppsummera alle desse endringane!

Me har òg lyst til å be dei av dykk som har valt å halda fram med å nytta det gamle kampordreskjemaet om å gje det nye ein sjanse til. Me trur at mange av problema de gjorde oss merksamme på, har blitt løyste no. Kanskje vil du lika det betre no, og om ikkje, så vil me veldig gjerne høyra kva meir me kan gjera.

Så, kva er nytt sidan august?

* Når du kjem inn på den nye kampordresida, så treng du ikkje lenger å vitja den fyrste fana til kampordrestraumen, der tidlegare lagoppstillingar kan bli lasta opp. Om du allereie har sendt inn ein ordre for denne kampen, eller om denne kampen har ein gyldig standardordre, så vil du byrja på lagoppstillingsfana i staden. Dette sparar tid. Om du vil, kan du sjølvsagt gå attende til fana for opplasting og gjera det du må der. Og om den innsendte ordren eller standardordren som du allereie har sendt inn av ein eller annan grunn har blitt ugyldig, til dømes grunna skadd spelar eller spelarsal, vil du òg bli sendt til den fyrste fana.

* Mange av dykk ville helst ha den gamle spelarsorteringa som gjekk berre etter hovudevna, i motsetning til den nye som kalkulerte kva spelar som var best for kvar posisjon. Me har no lagt til det valet igjen, sånn at du no kan sortera spelarane som du sjølv vil.

* Når ein held musepeikaren over ein spelar, så opnar ikkje spelarkortet lenger "inne" i spelarlista, men på ein bestemt stad nedst på lista. Dette gjer heile opplevinga av å sjå på spelarane mykje mindre "rotete" – me har òg gjort andre ting for å gjera val av oppstilling ein meir roleg oppleving.

* Me har lagt til ikon for spesialitetar for alle spelarane som vert valde i lagoppstillinga, noko som gjev deg ei betre oversikt på kva spesialiteter som er representert på bana. Me har òg lagt til trøyenummer i lagoppstillingsvisinga.

* Når du set ordrane for kampar i midtveka, så har me lagt til «blått band», noko som signaliserer at ein spelar har spela kamp i helga. Dette er eit visuelt tips for å hjelpa deg med å optimalisera treninga di.

* Me har gjort prosessen for individuelle ordrar meir tydeleg. No er det lagt til ein skugge i bakgrunnen til spelaren du har valt. Me har òg gjort om på fargane på pilene. Den nye bakgrunnen bør gjera kantlinjene mellom spelarane klarare, og redusera sjansen for å ved ein feil velja vekk ein spelar som du fokuserer på.

Bortsett frå desse generelle grensesnittbetringane, har me òg gjort nokre mindre justeringar og reparasjonar til den mobile opplevinga, noko som gjer det nye kampordreskjemaet lettare å nytta på smarttelefonar og nettbrett. Den viktigaste av desse er at me har betra måten du «trykkjer og vel» spelarar for lagoppstillinga på mobilen, sidan denne nokre gonger braut saman og vart ustabil.

Til slutt nokre ord om ungdomskampordrar. Me har endra det sånn at alle vil sjå dei potensielle evnene til ungdomsspelarane på spelarkorta, til og med for brukarar som har deaktivert alternativet med å visa evnestrekar.

Me vil halda fram med å utbetra det nye kampordreskjemaet, men hadde lyst til å gje deg denne framdriftsrapporten, og i tillegg invitera dei av dykk som allereie har valt vekk denne sjansen til å prøva igjen. Du kan alltid gå attende om du framleis føretrekkjer det gamle formatet!

Ny "Vurdér denne sida"-funksjon

Ein ting til! Denne veka kjem me ut med ein ny funksjon, «Vurder denne sida». Det er ein veldig, veldig enkel funksjon som let deg som brukar gje karakterar på kvar side i Hattrick mellom 1 og 5 stjerner. Dette er ikkje noko du må gjera, du kan trygt ignorera det om du vil, og det er òg plassert diskret lengst nede på sida. Du kan ikkje skriva kommentarar, og me vil aldri gje deg noko svar direkte på vurderingane dine. Så kva er vitsen?

Vel, me ville leggja til denne funksjonen for å gje oss ein sjanse til å måla kor på nettstaden me har sider som kanskje ikkje fungerer så bra for brukarane våre, og i tillegg sjå om karakterar på ei særskild side vil betra eller forverra seg etter ei lansering. Om karakterane for sida signaliserer at ei side treng meir arbeid, så vil me gjera vår eigen analyse av ho, og kanskje òg spørja om kommentarar frå dykk gjennom spørjeundersøkjingar og forumdiskusjonar, før me gjer utbetringar.
 
Server 070