Nyhende
9-26-2018
Leiar: Ein heilt ny mobilapp
I dag slepper me den nye Hattrick-appen vår for
Android og
ioS. Han har vorte fullstendig omskriven og redesigna, slik at han liknar meir på nettlesarversjonen. Han er òg snøggare, meir stabil og har mykje meir funksjonalitet.
Den nye appen har vore eit så stort prosjekt for oss at det har teke det meste av tida vår dei siste seks månadene. Orsak dersom det har vore litt for stille frå oss, men me trur det har vore verdt ventinga.
Me ser korleis mobilbruken aukar heile vegen for Hattrick. Me veit til og med at nokre av brukarane våre berre har spelt gjennom appen. Difor ynskte me ikkje berre å betre kvaliteten på opplevinga når ein nyttar appen, men òg vera sikre på at han er likare nettlesarversjonen. Om ein har spelt på den eine plattforma, bør ein kjenne seg att på den andre. Frå no av nyttar appen og nettlesarversjonen det same tekniske råmeverket og nesten den same navigasjonen. Ferdigheiter og ratingar vert synte på same måte båe stader. Og, det viktigaste av alt: Når nye funksjonar vert lagde til spelet, kan me leggja dei til i appen kort tid etter, fordi den betra integrasjonen får det tekniske til å verke på same måte over alt.
Kva konkret er endra?
Det fyrste du kanskje vil merka, er at menyen ligg ute til venstre, nett som på nettsida. Herfrå kan du få tilgang til alle delar av appen og til og med byta lag dersom du har meir enn eitt. Venstremenyen erstattar toppmenyen i den gamle appen. Navigasjon gjennom ikona på botnen av sida i den gamle appen har me teke med oss vidare.
Me har bytt ut alle ikon i appen med nye, slik at utsjånaden er meir konsistent. Etter kvart vil me nytta desse i webversjonen òg. Noko anna nytt er at me vil byrja å nytte dei sirkelforma spelarratingane over alt (no er dei berre nytta i mobilappen og i den nye Live-framsynaren). Me vil fasa ut dei klassiske sjerneratingane, sjølv om stjernene vil overleva som ikon for ratingar generelt. Det vil koma fleire små døme på ting som vil auka samsvaret mellom appen og nettversjonen og med det vil gjera spelet meir konsistent i seg sjølv. Me har sjølvsagt ordna opp i eit utal av feil i den gamle appen òg.
Her er ei liste over andre ting som er mogeleg å gjera i appen no:
* Byta trenar
* Lesa individuelle treningsrapportar for ungdomsspelarar
* Sortere ungdomsspelarar etter dagar dei har att til å kunna trekkjast opp. Seniorspelarar kan verta sortert etter kategori
* Bikka på telefonen på seriesida for å syna ein meir detaljert tabell. Seriesida har òg fått funksjonen «Legg til runden i Live-framsyninga»
* Gjera betre overgangssøk. Det blir enklare å justera søket utan å byrja heilt frå starten att. Spelaralder, med dagar, er no inkludert i resultatet. Utvida overgangssøk omfattar no spesialitet og alder
* Klikke på spelardetaljane i overgangssøket (eller andre lister) og gå attende utan å mista posisjonen ein hadde på lista
* Oppretta nye forumtrådar, ignorera, bokmerkja og markera dei som lesne. Det lagt til ein «svar alle»-funksjon
* Lettvint kopiere ID for spelarar, kampar, managerar, seriar osb. (noko som er hendig når ein skriv om dei på eit forum)
* Leggja til spelarnotisar
* Sletta meldingar frå hovudsida
* Oppretta nye supporterpåminningar
* Sjå tidlegare kampar i spelarframsyninga
* Navigera til visse favorittsider endå snøggare gjennom ein ny snarvegfunkasjon (for supporterar)
Me har framleis einskilde ting som vil koma i appen, så du kan venta deg minst eitt slepp til om ein månad eller to.
Me vonar verkeleg at du vil kosa deg med den nye mobilappen til Hattrick!