Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Verda »   Nyhende 

Nyhende

10-1-2018 Leiar: Vegkart: Hausten 2018

Tidleg i september avslutta me seks månaders arbeid med den nye mobilappen og sette oss ned for å planleggja kva som skulle skje vidare.
Den nye mobilappen har teke det meste av tida vår i år. Det har vore eit stort prosjekt, eit prosjekt me trur vil løne seg på mange måtar framover. Når det er sagt er me glade for at appen endeleg har vorte slept, så me kan ta en pause frå store prosjekt og bruke tida til å lage nye funksjonar i spelet att.

Me har sete saman ei liste med små prosjekt som me, kvar for seg, kan gjennomføre på ei veke eller to. Dette vil vera hovudfokuset vårt i den komande utviklingsperioden, som strekk seg fram til sesongpausen i november. Når me har kome dit vil me laga nye planar og eit nytt vegkart. Her kjem nokre av dei litt større tinga me vil arbeide med:

* Auka sannsyn for overtid i kampane og at det skjer noko på overtid
* Kronologisk sorterte HT-meldingar (føljetongar)
* Fleire betringar i treningskamppotten og i tillegg ein pott for duellkampar
* Ungdomslag: Maksimalstorleik på stallen aukar til 18 spelarar, kort og suspensjonar fjernast og historiske tabellar synast. I tillegg kjem det nokre mindre oppdateringar
* Forbetringar av ynskjelista
* Implementering av treningsleir – ein måte å byte ferdigheitstrening mot eit hopp i lojalitetsutviklinga på

Me vil òg ha ei avrøysting for platinum-supporterane der dei kan velje ein ny supporterfunksjon!

I tillegg til dette førebur me nokre få prosjekt som me gjerne vil byrja å implementere i løpet av sesongen som startar i november.

Eitt av desse dreier seg om eit nytt rangeringssystem i Hattrick som ikkje berre rangerer laga etter plasseringa i seriesystemet (som i dag), men òg tek omsyn til styrken på spelarstallen og kor godt du som manager gjer bruk av han. I prosjektet vil me samarbeide med den profesjonelle statistikkaren Matteo Dimai, alias LA-Artod. Me tenkjer det nye rangeringssystemet skal leggja grunnlaget for mange interessante ting i Hattrick når det kjem på plass: alt frå rein statistikk til nye konkurransetypar.

Eitt anna prosjekt går ut på å vurdere korleis HT-kommunikasjonen vår mot brukarane fungerer. Mange brukarar ynskjer hyppige oppdateringar på korleis utviklingsoppgåvene går og at me deltek meir på foruma, noko me skjønar godt. Me må balansere dette mot å gjera dei andre arbeidsoppgåvene våre. Desse går i tre månader lange utviklingssyklusar der me fyrst diskuterer og planlegg, og deretter føretrekkjer å arbeide mot målet med så få forstyrringar som mogleg. For oss er eit openbert fyrste steg å organisere den eksisterande kommunikasjonen (leiarar, nyhende, systeminfo, HT-aktivitet på foruma, dev blogs, Facebook- og Twitter-oppdateringar) på ein ny måte, slik at dei viktige tinga faktisk når fram til så mange brukarar som mogleg utan å vite kvar ein skal lesa. Deretter kan me finna ut av kva me skal gjera vidare – til dømes å laga lenkjer til forumaktiviteten på ein smartare måte for dei som aldri vitjar foruma. Igjen: dette er ikkje eit utviklingsprosjekt enno, men noko me jobbar med i kommunikasjonsteamet.

Sist, men ikkje minst, arbeider me framleis med eit nytt design av Hattricksida (og appen). På slutten av fjoråret hadde me ein designkonkurranse der me fekk nokre veldig gode forslag for framtidas Hattrick. Dette arbeidet har ikkje vorte implementert, men forslaga har vore viktige referanser for oss når me har arbeidd med det nye app-designet, som har medført mange avgjersler om korleis me burde syne informasjon på ein meir konsistent måte i Hattrick. Sjølv om det kan kjennast som om det har skjedd lite frå eit brukarperspektiv, held me liv i tanken om eit vørdsamt og vakkert nydesign av Hattrick. No som den nye appen er ute vil me take opp att tråden saman med nokre av designarane og halde fram arbeidet med ein ny visuell utsjånad. Men, som for rangeringssystemet, er ikkje dette aktuelt for implementering i denne perioden.

Takk for merksemda! Sjåast att i november!
 
Server 071