Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Verda »   Nyhende 

Nyhende

2-11-2019 Leiar: Vegkartoppdatering: vinter 2019

Ny funksjonar kvar veke har vore målet vårt sidan oktober. Det har vore moro å arbeide med små, snøgge prosjekt og me ser klare teikn i brukarstatistikken at fellesskapen er nøgde. No er det tid for å sjå på kor godt me levde opp til tidlegare lovnader og kva som er på planen i 2019.
Då det siste vegkartet kom ut i oktober hadde me nett avslutta eit stort prosjekt: den nye appen til smarttelefon. Han vart godt motteken av brukarane, men det innebar òg mange månader med lite merksemd på nettversjonen – kjernen i spelet. For å bøte på dette la med opp til ei rekkje småprosjekt som kvar kunne utviklast, testast og sleppast på ei veke eller to. Det har me gjort og grunna inspirasjon og mange nye forslag frå brukarar har me vedteke å halde fram litt til.

Lat oss sjå på kva me lovde i oktober og kva som har vorte sleppt:
* Kronologisk sorterte HT-meldingar (føljetongar)
* Betringar i treningskamppotten
* Ungdomslagsoppdatering
* Auka sannsyn for hendingar i overtida
* Betre overgangsfunksjonar
* Treningsoverslag for ungdomsspelarar (supporterfunksjon som vart røysta fram av Platinum-supportarar)

I tillegg har me fått fem nye ligaer, lagd ei ny side med historiske spelarprestasjonar og meir data, oppretta den nye duellkampfunksjonen, lagt til meir statistikk og gjort det mulig med eigne draktar for ungdomslaga (supporterfunksjon). Me har òg endra utsjånaden for framsyninga av spelarratingar og -evner, noko som løyste ut protestar i starten, men som me meiner har sett seg bra etter at me opna opp for at brukarane sjølv kan velja einskilde designendringar.

Som me nemnte i den førre leiaren: me vil halde fram med ein ny utsjånad for Hattrick, men me vil gjera det i små steg og med varsemd. Me har ingen interesse av ei radikal omdesigning berre for å gjera det, men me trenger å kunne ha rom for å endre ting og gjera at dei heng betre saman. Den neste sida som vil handsamast er «Live-sida». Ho er allereie testa på Stage og skal verta sleppt i løpet av nokre veker. Etter det vil me sjå litt på «etter kamp»- sidene.

Treningsleiren har ikkje vorte implementert, slik me lovde. Me har ikkje funne dei rette spesifikasjonane og det kjentest ganske enkelt ikkje ut som noko me burde prioritere, sidan me har hatt mykje anna interessant å jobbe med.

Det nye rangeringssystemet som me varsla i oktober er framleis under utvikling, og i framgang. Meir om dét kjem når me har meir å syne fram.

Kva kan me vente oss i 2019?

Sidan oktober har me teke mål av oss å sleppe noko nytt ein gong i veka. Me har klart å halde oss til det i dei fleste høva. Det er artig å arbeide på den måten, men viktigare: det ser ut til å synast i brukarstatistikken òg. Dei siste månadene har me hatt det lågaste «fråfallet» på mange år. Det er ekstremt oppmuntrande nyhende for oss! Me har sjølvsagt alltid ein liten straum med nye brukarar inn og me har nyleg fått hyggeleg publisitet i land som Israel og Portugal, noko som har ført til eit hopp i brukartalet i dei ligaene. Det som like vel er det viktigaste er å halde på eksisterande brukarar. Om me kan halde fram slik er det ikkje heilt usannsynleg at 2019 vert året der Hattrick byrjar å vekse att. Det hadde vore kult! I 2019 vil me ta for oss marknadsføringa generelt og sjå på ho med friske auge. Me vil finna små og smarte grep for å halde interessen oppe hjå noverande brukarar og gjera det enklare for nye å finna oss.

Det neste store utviklingsmøtet vil finna sted i mars. Deretter vil me nok byrja å sjå etter store prosjekt. Me har det nye rangeringssystemet som må verta implementert og me har ein visjon om å byggje om landslaga og heile det internasjonale «metaspelet» til noko som vil kjennast tilgjengeleg for nye brukarar. Det er for tidleg å gå i detalj nett no.

Fram til den tid kan du venta hyppige slepp av betringar, i tillegg til ei litt større endring når den nye Live-sida er ferdig. Live-opplevinga skal bli betre og meir interessant på fleire måtar.
 
Server 070