Ungdomsspelarar
Ungdomsspelarar
Du kan skaffe deg nye spelarar til seniorlaget ditt ved å rekruttere ungdomsspelarar. Dette kan gjerast på to vis:
-
Rekruttere ein ungdomsspelar frå utsida direkte inn i seniorlaget ditt ved hjelp av speidarnettverket ditt.
-
Oppretting av eit ungdomsakademi, rektruttering av talentar og utvikling av dei. Du kan spele kampar mot andre lag i private eller offentlege seriar, og med tida forfremje dine talentar til seniorlaget.
Forfremjing av ein tilfeldig spelar frå utsida til seniorlaget ditt er ein enkel og effektiv måte for å skaffe seg nye spelarar på. Å drifte eit ungdomsakademi er meir utfordrande, men kan samstundes også vere mykje meir morosamt.
Du kan berre nytte eit system i gongen. Om du har eit ungdomsakademi, så kan du ikkje forfremje ein ungdomsspelar frå speidarnettverket. Kostnadene med akademiet vil likevel telja som investeringar i speidarnettverket, noko som gjer det raskare for deg om du ynskjer å stenga akademiet ditt og i staden nytta speidarnettverket.