Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Handbok for nybyrjarar

Dette er den korte rettleiinga til Hattrick. For meir detaljert informasjon, gå til Handboka.

Rolla di

Du er manager og har kontroll med alt som har med klubben å gjera. Du legg taktikk og strategi, avgjer kva som skal trenast og vel kva spelarar som burde spela. Du kjøper og sel spelarar, investerer i stadionutbetringar og mykje meir.


Pengar

Pengar er viktig, så tenk nøye på korleis du vil bruka dei. Eit godt råd er å ikkje bruka noko pengar før du veit kva som er viktig og kvar du best har nytte av pengane.

Du tener pengar frå kampar, sponsorar, tilhengjarar og sal av spelarar, og dei vert nytta til å dekka utgiftene dine til spelarløn, tilsette, vedlikehald av stadion - men òg til investering i nye spelarar og utbetring av stadion.


Spelarar

Ta deg tida til å verta kjend med spelarane dine og evnene deira. Klikk på evne-lenkjene for å sjå kor på skalaen dei er. Trenaren din har òg valt dei han meiner er nøkkelspelarar for å hjelpa deg i gang.

Dei fleste spelarane vil etter kvart nytte fleire evner, men medan du såvidt er i gang er det mest viktig å fokusera på hovudevnene:


Posisjon Hovudevne
Målvakt Målvakt
Forsvararar Forsvar
Sentrale midtbanespelarar Ballfordeling
Kantspelarar Kantspel
Angriparar Målskåring

Kampar

Ein sesong i Hattrick er 16 veker lang: 14 serierundar, ei veke for kvalifiseringar og ei veke utan aktivitet i serien. Du speler seriekampar i helga; cup- og treningskampar i midtveka. Om det er ein ting du bør gjera som manager, er å senda inn kampordrar før kampane dine.

Pass òg på at du avtalar ein treningskamp kvar veke du ikkje er med i cupen, det gjer du enkelt ved å nytta potten for treningskampar. Ved å spela treningskampar får du trena fleire spelarar kvar veke, og maksimering av treninga di er veldig viktig for å koma seg opp og fram.


Grunnleggjande om kampar

Foreinkla sett vert kampsimulering gjort i tre steg. I kvar omgang vert det gjort eit visst tal på åtak:

  • Midtbana di kjempar mot midtbana til motstandaren din for å få kvart åtak, den sterkaste av dykk vil mest sannsynleg få det. Ballfordelingsevna til midtbanespelarane dine er mest avgjerande for midtbana di.
  • Når midtbana di har "vunne" eit åtak, vert det avgjort kva type åtak det er (venstre, høgre, midten eller daudball).
  • Åtaket ditt for den sektoren vert så sett opp mot mostandaren din sitt forsvar i den sektoren. Målskåringsevna til angriparane dine er mest viktig, medan kantspelevna hjå kantspelarane dine vil vera til stor hjelp for åtaka på kantane.

Trening

Trening er det primære verktyet for å gjera laget ditt betre, og det er òg ein god måte å tena penger på (meir om det under).

Som eit nytt lag vil me tilrå at du vel å trena ei "primærevne", som til dømes målvakt, forsvar, ballfordeling eller målskåring og held deg til det ei stund før du endrar.

Effekten av treninga vert utdelt ein gong kvar veke. For at ein spelar skal få full trening i evna, må han ha spela i den tilsvarande posisjonen i 90 minutt i kampar i løpet av veka. Sjølv om han speler meir, så gjev dette han likevel ikkje noko ekstra treningseffekt. Så for å motta full ballfordelingstrening, må ein spelar spela sentral midtbane, for å motta målskåringstrening, treng han å spela angripar osb.


Overgangar

Du kan kjøpe nye spelarar på overgangsmarknaden, og det er òg her du sel dine eigne spelarar. Eit godt råd er å sjekka "Samanlikning av overgangar" for å få ein idé om kor mykje ein viss spelar normalt bør koste.


Tilsette

Tilsetjing av medlemmar i støtteapparatet kan hjelpa med utviklinga av klubben din på ulike måtar. Assistenttrenarar får til dømes fart på treninga, og kan vera eit godt fyrsteval for eit nytt lag. Dess høgare nivå ein tilsett har, dess høgare vil løna vere. Tilsette med veldig høgt nivå kan vera ganske dyre, så hald deg vekke frå dei fram til du er sikker på at det er dei du treng. Du kan finna meir informasjon om støtteapparatet i handboka.


Stadion

Det vil koma ei tid der du ynskjer å utvida ditt stadion, men eit godt råd er å gjera det fyrst etter at du jamnleg fyller ditt noverande. Å gjera det før, er å kasta pengar ut vindauget.


Ungdomsspelarar

Rekruttering av dine eigne spelarar er ein veldig underhaldande måte å få tak i nye spelarar på, men sidan det er nokre kostnader knytt til dette, så rår me deg til å venta fram til du har fått ei betre forståing av spelet. Så går ikkje pengane ut av vindauget!


Strategiar for lagbygging

Som eit nytt lag, så er ein god strategi å bygga for framtida i staden for akkurat no. Framtida til laget ditt høyrer mest sannsynleg til yngre spelarar, så å bygga laget ditt rundt dei er eit godt råd. Nokre gonger er det kan hende best å selja dei beste spelarane dine, for å skaffa midlar til å kjøpe yngre talent.

Fokusér på treninga, og bygg ein del av laget kvar for seg. Lat fyrstelagsspelarane dine få spela seriekampar, og kjøp så nokre lærlingar (unge brukbare-solide spelarar i den evna du trenar) for å spela treningskampar. I byrjinga av karrieren din er det ikkje galt å få lærlingar til å spela seriekampane òg, om du har råd til det. Desse lærlingane kan seinare (når evnene deira har betra seg nokre nivå) seljast for ein høgare pris enn kva du betalte for dei - noko som gjev deg pengar til å styrka laget ditt endå meir.

Bruk formasjonar i kamp for å utnytta treninga maksimalt, i det minste i treningskampar. Om du til dømes trener målskåring, pass på å spela med ein formasjon som har 3 angriparar minst ein gong i veka - sidan fleire spelarar då vil få full trening. Og om du trener forsvar, spel ein formasjon som har 5 forsvararar.


 
 
Server 080