Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Hjelp »   Systeminformasjon »   Arkiv 

Systeminformasjon - arkiv

1-27-2014 Versjonsmerknader 27. januar

Denne veka har me fiksa eit par små ting for kampanalysen: når du held musa over høgdepunkta til høgre, så vil det òg utheva den tilsvarande hendinga i rapporten. Ungdomskampar vert no òg synte på dei nye kampsidene.

Om du har aktivert avatarar, så vil du frå no av sjå spelaravatarar i staden for trøyer i kampordreskjemaet. Frå no av vil du òg sjå spelarprestasjonar om du skulle få ein walk-over.

I tillegg har me utvida breidda på det enkle brukargrensesnittet.

Til slutt i desse versjonsmerknadene kan me nemne at me tidlegare har fiksa problemet med ungdomsspeidarar som ikkje fann talent.

 
Server 071