Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Treningskampar

Landslaget sine treningskampar vil bli spelt kvar fredag kl. 20:00 (Hattrick-tid) for dei landslaga som ikkje har VM-kampar på programmet. Desse kampane er mykje det same som treningskampane klubbane speler i midtveka.

For å få arrangert ein treningskamp, så må landslagstrenaren anten utfordre eit anna lag, eller akseptere ei utfordring på liknande vis som klubbtrenarar. Men prosessen er likevel litt ulik sidan systemet ikkje gir melding til landslagssjefen om ei utfordring. Landslagssjefar må sende meldingar eller HT-meldingar til kvarandre for å avtale treningskampar. Om eit lag ikkje har ein treningskamp, så vil det automatisk bli avtalt ein på torsdag.

Utfordraren kan velje kva stadion kampen skal spelast på. Alle stadion kan bli valt, men det vil alltid reknast som ein nøytral bane uavhengig kor bana ligg. Det er ikkje gebyr for leige av stadion.

 
Server 070