Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Introduksjon

I Hattrick får kvar liga eit landslag og eit U21-landslag, og med kvar sin trenar.

Landslagssjefen vert valt av brukarane i ligaen gjennom ei offentleg røysting. Det vert venta av landslagssjefane at dei fullførar sitt to sesongar lange verv. Det vert berre nyval når managerar vert hindra frå å fullføra sine verv av ulike grunnar, avgjort på skjønn av landslangsadministratorane (NTA'ane).

Val bør vere rettvist. For å sikra rettferd, vil ikkje Landslagsadministratorane (NTA) nøle med å diskvalifisera kandidatar som utfører handlingar som gjev dei ein urettvis føremon over andre kandidatar i valet. Meir informasjon om vala er tilgjengeleg i handboka.

Desse reglane er eit supplement til dei ordinære Hattrick-reglane. Om ikkje desse reglane seier noko anna, så gjeld dei ordinære reglane (til dømes, korleis kampane fungerer).

Du kan ikkje vere sjef for to landslag eller to U21-lag samstundes. Grunnen til dette er for å unngå at du speler ein kamp der du kontrollerar båe laga, som er uakseptabelt. Dette vil også seie at the HFA ikkje vil tillate deg å stille til val i meir enn eit land i løpet av valet - dette inkluderar også å stille til val i eit land, slutte der og så stille til val i eit anna land. Dette kan diskvalifisera deg til å delta i val.

Ytterlegare reglar og viktig informasjon er publisert i det nasjonale landslagstrenar-forumet, som berre er tilgjengeleg for landslagssjefane. Alle reglane er tilgjengele når ein vert med i det forumet.

 
Server 070