Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Kampar

Spelarane mottek røynsle for å spele på landslaget. I tillegg vil ein landslagsspelar tene ei lønsreduksjon på 40% om han er under kontrakt med ein klubb i sitt heimland, og 33% om han er tilsett i utlandet.

Spelarane kan bli skadde når dei speler for landslaget. I tillegg til reduksjon i løn, så vil heimklubben til ein skadd spelar også motta kompensasjon på 100% av løna ganger lengda på skaden.

Det finst ikkje lojalitetsbonusar for landslaga, så ein spelar sin lojalitetsbonus vert ikkje gjeldande i landskampar.

Landslagskampar vil ikkje telje med overfor ein spelar si trening. Gule og raude kort vert heller ikkje lagra - i denne samanhengen vil alle landslagskampar fungere som treningskampar for klubblag.

Heimelagsføremonen for landslag er ikkje den same som for klubblag. Landslag får ein mindre heimelagsføremon, tilsvarande den bortelaget i eit lokaloppgjer får.

Landslaga dreg fordel av ein spesiel "Fog of War". Dette betyr at dei siste 8 timane før ein kamp, så vil mange faktorar om laget bli skjult for offentlegheita. Lagmoral, sjølvtilliten, spelarar og nokre andre statestikkar på sida vil ikkje lenger vere synleg. Grunnen til dette er for å gi landslagssjefane ein mogelegheit til å planlegge kampen i god tid, og ikkje måtte gjere endringar rett før avspark for å bevare overraskelsesmomentet.

 
Server 070