Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Landslag

I Hattrick, akkurat som i røynda, er det landslag som konkurrerar mot kvarandre. Men i Hattrick er landslagssjefen for landet ditt valt av deg! Kvart land i Hattrick har eitt landslag, i tillegg til eit U-21 lag som består av spelarar som er 21 år eller yngre. Det betyr at kvart land har to landslagssjefar, begge valt av fellesskapen. Verdsmeisterskapsformatet endra i Sesong 77 (17. januar 2021).

Landslagets konkurransearenaer

Landslaga konkurrera mot kvarandre i tre samanhengande turneringar. Kontinentale cupar, Nasjonscupen og den faktiske Verdsmeisterskapen. Konkurransen går over to sesongar. Den starta med Regionale cupar for Europa, Amerika, Afrika og Asia/Oceania i seriesystem, og endar opp med Verdsmeisterskapet.

Nasjonscupen er ein mindre turnering for landslag som ikkje kvalifiserte seg for Verdsmeisterskapet, og skal spelast samstundes som VM.

Landslagslag har sine eigne kortopplegg, og er eit eige system av raude / gule kort frå "normale" Hattrick. Så alle kort som ein får under landslagets- eller U21-kampar vil berre gjelde det meisterskapet. Så skulle ein spelar bli utvist i ein vanleg Hattrick kamp, så vil han vere tilgjengeleg for U21 og landslaget. Kortoversikta vil bli tilbakestilt når meisterskapet er over, (eller når laget er slått ut).

Kontinentale cupar

Alle landslag i Hattrick er garantert ein plass i den Kontinentale cupen. Den Kontinentale cupen blir delt inn i grupper på 6 landslag. Gruppene er rangert basert på landslaga si rangering (sjå under).

Den Kontinentale cupen blir spelt over 10 veker, med doble kampar mot kvart lag (heime og borte). I den siste veka er det kvartfinalar, semifinalar og finalar.

Dei 8 beste laga frå kvar region, basert på posisjonen deira, poeng, målskilnad og mål skåra, vil spele i kvartfinalane, semifinalane og finalane medan resten av landslagssjefane kan arrangere treningskampar på fredagar. I kvartfinalane vil dei fire beste laga (basert på posisjonen deira, poeng, målskilnad, skåra eller tilfeldig om det står likt) tilfeldig møte dei fire dårlegaste laga som kvalifiserte seg til kvartfinalane. Og to lag frå den same gruppa vil ikkje møte kvarandre i kvartfinalane. Vinnaren blir utkåra som kontinental meister, og mottek ein gullpokal. Sølv til 2.plassen og bronse til 3.-4.plassane.

Verdsmeisterskap

Verdsmeisterskapen starta i veke 13 av den første sesongen og vara heile sesong 2. Det er delt opp i 5 rundar, med semifinalar og finalar til slutt.

96 lag deltek i Runde 1, fordelt på 16 grupper (6 lag per gruppe) og vil spele doble kampar. Topp 4 vil gå vidare til Runde 2, resten blir utslegne.

Runde 2 vil vere delt opp i 16 nye grupper med 4 lag som vil spele mot doble kampar mot kvarandre. Topp 2 vil gå vidare til Runde 3.

I Runde 3 har me 8 grupper med 4 lag der dei spela ein kamp mot kvar motstandar på nøytral bane, og topp 2 går vidare til Runde 4.

Runde 4 og 5 vil ha 4 og 2 grupper, med 4 lag i kvar gruppe. Kvart lag vil spele mot kvarandre ein gong på nøytral bane og dei 2 beste vil kvalifisere seg til neste runde.

Begge semifinalane og finalen vil bli spelt på nøytral bane. Vinnaren av finalen blir krona som Verdsmeister, og blir tildelt ein gullpokal. Sølv og bronsepokalar blir gitt til dei som nesten nådde opp.

Før kvar runde vil lagånda og sjølvtilliten anten heilt eller delvis bli nullstilt. Til dømes, om dagens lagånd er på nivå 9 og den nullstilte verdien 5 med 80% nullstilt, så vil lagånda reduserast med (9 - 5) * 0,8 = 3,2 nivå. Den nullstilte verdien og midtpunktsverdien for dei daglege oppdateringane, for både lagånd og sjølvtillit, er 5,0.

Nasjonscup

Lag som ikkje kvalifiserte seg til Verdsmeisterksapen vil spele i Nasjonscupen samstundes som Verdsmeisterkapen pågår. Denne turneringa blir spelt i Sveitsisk system (liknande som Supportermeisterskapen).

Dette er ikkje ein trøyste turnering, men vil også vere viktig for mindre lag ettersom resultatet av den Nasjonscupen vil påverke rangeringa før den neste Kontinentale cupen startar. På slutten av Nasjonscupen, medan semifinalar og finalar blir spelt i verdsmeisterkapen, vil dei 8 beste laga gå vidare til ein utslagsrunde og vinnaren vil vinne ein trofé.

Under kampar i den Nasjonscupen, kan ikkje spelarar bli skadd, men kort fungerar likt som i alle andre turneringar. Formasjonsrøynsla som er opparbeida etter Kontinentalcupen vil bli verande, og med ein sjanse for at formasjonsrøynsla vert nullstilt akkurat som før verdsmeisterskapen, og då vert oppdatert som vanleg etter kvar nasjonsligakamp.

Vinnaren er tildelt Nasjonscuptroféen.

Verdsmeisterskap kvalifisering

96 lag vil gå vidare frå den Kontinentale cupen til Verdsmeisterskapen.

Kvar region har sine eigne Verdsmeisterskap plassar, som blir tildelt til det beste laget i kvar gruppe i den Kontinentale cupen. Som du kan sjå i tabellen under, har Europa 32 plassar, Asia/Oceania 21 plassar, Afrika 12 plassar og Amerika 20 plassar.


Kontinent Lag Verdsmeisterskap plassar
Europa 48 32 (4 promotions / group)
Asia-Oseania 42 21 (3 promotions / group)
Afrika 24 12 (3 promotions / group)
Amerika 30 20 (4 promotions / group)

Eit tal med jokerplassar vil bli tildelt for lag som ikkje kvalifiserte seg direkte gjennom gruppespelet i den kontinentale cupen. Med 11 tilgjengelege jokerplassar, vil dei 22 beste laga som ikkje kvalfiserte seg for Verdsmeisterskapen, basert på poeng, målskilnad og mål skåra i gruppespelet i den Regionale cupen, bli tildelt ein plass i eit jokersluttspel.

I Jokersluttspelet vil laget med den høgaste rangeringa (rangering som óg er basert på resultata frå førre verdsmeisterskap) spele mot det dårlegaste rangerte laget, og laget med den nest høgaste rangeringa, møter det nest dårlegaste rangerte laget, og så bortover. I sluttspelet blir det spelt heime og borte, og med ein fullstending nullstilling av lagånd og sjølvtillit i laget før den fyrste kampen. Ved uavgjort vil den andre kampen gå til ekstraomgangar og straffespark.

Rangering av landslag

Kvart landslag har sin eigen rangering som blir nytta for å skilje dei ulike landslaga i trekninga til den Kontinentale cupen. Dei siste 5 sesongane har innverknad på rangeringa, men vektlegginga av prestasjonane synk med tida, så den eldste prestasjonen vil ha minst effekt på rangeringa.

Det er 3 faktorar som gjev utslag på rangeringa:Resultat av kvar enkelt kamp (M), viktigheita av kampen (I) og kor god motstandaren var (T). Nærare bestemt, formelen som blir nytta til å kalkulere rangeringa blir som følgjer: P = M x I x T


Kamp resultat (M) Poeng Kamp Viktigheit (I) Poeng
Siger 3 Verdsmeisterskap semifinale/finale 4
Uavgjort 1 VM resterande rundar 2.5
Tap 0 Kontinentale cupfinalar 3
Sigra i straffekonkurranse 2 Kontinentale resterande kampar 2
Tapar straffekonkurranse 1 Nasjonscup 1
Treningskampar 0

For T variableen, trekk me frå rangeringsplasseringa av motsandaren med 250.

Deretter, den siste rangeringa er gjennomsnittspoeng (P) dei siste 5 sesongane, vekta med 100%, 70%, 50%, 30% og 20% med 100% i den noværande sesongen, og 20% 4 sesongar sidan. Rangeringa er oppdatert etter kvar kamp.

Kontinentalcup trekning

For den Kontinentale cupen nyttar me Landslagsrangeringa for å trekke gruppene. Det første laget i kvar gruppa er reservert for topplaga, slik at gruppe 1 vil få det høgast rangerte landslaget, gruppe 2 vil få det nest-høgaste osb. Deretter har me 5 trekkingsbaljar, ein for kvar posisjon i gruppene til resten av laga er sortert etter Landslagsrangeringa. Til dømes, i den Amerikanske cupen, vil me har 5 grupper med 6 lag. Det første laget i kvar gruppe er dei 5 beste laga sett ut frå Landslagsrangeringa. Deretter vil den neste laget i gruppa vere eit av dei 6. til det 10. beste laget, den tredje laget i gruppa mellom 11 til 15. osb. Undervegs i live-trekkinga vil me jobbe oss gjennom alle gruppene, heilt fram til alle gruppene er fylt opp.

Verdsmeisterskapstrekning

Lagrangeringa frå den kontinentale meisterskapen avgjer rangeringa til det laget i trekkinga for verdsmeisterskapen. Det er 16 grupper i verdsmeisterskapens første runde, og dei første laga i kvar gruppa vert trekt automatisk. Det beste europeiske laget frå gruppespelet i den Kontinentale cupen (EU#1 i tabellen under) vil alltid vere det første laget som blir trekt i gruppe 1, og laget rangert som nr. 8 frå Amerika vil vere det første laget som blir trekt i gruppe 16.

Når eitt lag har blitt tildelt kvar gruppe, vil alle dei andre laga bli trukket i ein live-dekning. Rankinga frå den Kontinentale cupen er framleis særs viktig, men istaden for å bli automatisk plassert i ei gruppe, så vil lag bli lagt i ein trekkingsbalje. Om me ser på tabellen under, i kolonne for "Lag 2", vil fire lag bli plassert i den første trekkingsbaljen. Dette er laga som er rangert 8 i Afrika, 7 i Afrika, 6 i Afrika og 5 i Afrika. Av denne baljen blir dei plassert som det andre laget i Gruppe 1, 2, 3 og 4 utifrå trekkinga. 4 nye lag blir lagt i trekkingsbaljen, og trekt for Gruppe 5, 6, 7 og 8. Prosessen held fram til alle 6 laga er fylt i kvar av dei 16 gruppene.

Systemet er laga slik at ikkje alle dei beste laga frå dei sterkaste kontinentane kjem i den same gruppa. Men samstundes ynskjer me eit tilfeldig moment som gjer at det blir litt uforutsigbart korleis gruppene blir sjåande ut, dette for å unngå at lag kan tape i den Kontinentale cupen med vilje for å komme i ei antatt enklare gruppe i VM. Live trekkinga vil også bli meir spanande på dette viset.


Gruppe Lag 1 Lag 2 Lag 3 Lag 4 Lag 5 Lag 6
1 EU#1 AFR#8
Balje#1
AME#9
Balje#5
ASO#16
Balje#9
EU#17
Balje#13
P#11
Balje#17
2 EU#2 AFR#7
Balje#1
AME#10
Balje#5
ASO#15
Balje#9
EU#18
Balje#13
P#10
Balje#17
3 EU#3 AFR#6
Balje#1
AME#11
Balje#5
ASO#14
Balje#9
EU#19
Balje#13
P#9
Balje#17
4 EU#4 AFR#5
Balje#1
AME#12
Balje#5
ASO#13
Balje#9
EU#20
Balje#13
P#8
Balje#17
5 EU#5 AFR#4
Balje#2
AME#13
Balje#6
ASO#12
Balje#10
EU#21
Balje#14
P#7
Balje#18
6 EU#6 AFR#3
Balje#2
AME#14
Balje#6
ASO#11
Balje#10
EU#22
Balje#14
P#6
Balje#18
7 EU#7 AFR#2
Balje#2
AME#15
Balje#6
ASO#10
Balje#10
EU#23
Balje#14
P#5
Balje#18
8 EU#8 AFR#1
Balje#2
AME#16
Balje#6
ASO#9
Balje#10
EU#24
Balje#14
P#4
Balje#18
9 AME#1 ASO#8
Balje#3
AME#17
Balje#7
EU#16
Balje#11
EU#25
Balje#15
P#3
Balje#19
10 AME#2 ASO#7
Balje#3
AME#18
Balje#7
EU#15
Balje#11
EU#26
Balje#15
P#2
Balje#19
11 AME#3 ASO#6
Balje#3
AME#19
Balje#7
EU#14
Balje#11
EU#27
Balje#15
P#1
Balje#19
12 AME#4 ASO#5
Balje#3
AME#20
Balje#7
EU#13
Balje#11
EU#28
Balje#15
ASO#21
Balje#19
13 AME#5 ASO#4
Balje#4
AFR#9
Balje#8
EU#12
Balje#12
EU#29
Balje#16
ASO#20
Balje#20
14 AME#6 ASO#3
Balje#4
AFR#10
Balje#8
EU#11
Balje#12
EU#30
Balje#16
ASO#19
Balje#20
15 AME#7 ASO#2
Balje#4
AFR#11
Balje#8
EU#10
Balje#12
EU#31
Balje#16
ASO#18
Balje#20
16 AME#8 ASO#1
Balje#4
AFR#12
Balje#8
EU#9
Balje#12
EU#32
Balje#16
ASO#17
Balje#20

EU: Europa
AME: Amerika
AFR: Afrika
ASO: Asia / Oseania
J: Jokerplass

Val

Val blir heldt i starten av sesongen, den startar to dagar etter Verdsmeisterskapsfinalen. Kvar andre sesong vel du ein landslagssjef og kvar andre sesong vel du ein U21-landslagssjef. Kvar sjef blir valt for 2 sesongar, som varar perioden sin ei veke etter Verdsmeisterskapsfinalen. Merk deg at du må ha spelt Hattrick i minst ein sesong for å kunne røyste.

Røystemakt

Du kan berre røyste ein gong i kvart val. Men, røysta di kan bli ekstra vekta i hovudteljinga. Systemet fungera slik at det vektar røystene til dei som har vore med i spelet lengst, men hovudmålet er å gjere det vanskelegare å manipulere vala.

Om du er eit lokalt lag, får du den fyrst røysta di etter 1 sesong i spelet. Så får du ei anna etter 5 sesongar i spelet og ei tredje etter 10 sesongar, og ei fjerde etter 15 sesongar. Lokale lag kan få totalt 4 røyster på denne måten.

Om du har ein tilleggsklubb i eit anna land (bortsett frå Hattrick Internasjonal), vil du få røyste etter to sesongar, og ein den andre tilleggsrøysta etter 10 sesongar.

Alle brukarar får to engasjementsrøyster, som kjem an på kor aktive dei har vore. Me vil ikkje forklare heilt korleis dette fungera, for å gjere det vanskelegare å manipulere, men dei er designa slik at det skal vere enkelt å få for vanlege styrte lag, men tungvindt om ein person styrer fleire lag.Merk deg at som brukar vil du ikkje sjå kor tungt røysta di er vekta, me vil berre forklare korleis systemet fungera.

Landslagstroppen

Landslagssjefen kan velje inntil 26 spelarar (frå lag med ekte brukarar) fritt blant dei som har den rette nasjonaliteten. Men, U21-spelarar må vere minst 19 år, og landslagsspelarar må vere 22 år. Når ein har tatt opp ein spelar til landslaget, vil landslagssjefen kunne sjå evnene på same måte som eigaren av spelaren.

Kvart landslag har deira eiga formasjonsrøynsle og i starten av kvar Kontinentalcup og verdsmeisterskap/nasjonscup, vil landslagssjefar ha omtrent ei veke på seg til å avgjera kva 6 formasjonar som skal ha eineståande røynsle, medan resten vil starte på dårleg. Denne perioden startar når valet er ferdig, og fram til den dagen der lagånd og sjølvtilllit vert nullstilt dagen før laget sin fyrste kamp i Kontinentaltmeisterskapen, og i veke 12 fram til lagånda og sjølvtillit vert nullstilt i veke 13.

Eige ein landslagsspelar

Om ein av spelarane dine spelar for landslaget, vil han framleis spele for deg som før. Landslag og klubblag har ulike kampdagar, så du kan alltids bruke han. Kampar for landslaget vil ikkje gi spelaren din trening, men han risikera å bli skada når han spelar landslagskamp.

Det er fleire føremon om spelaren din får spele ein kamp for landslaget:

- Du vil få ein kostnadsreduksjon på 33% eller 40% av spelarløna, som kjem an på om han spelar for eit utanlandsk landslag eller for nasjonen din

- Spelaren får ei stor auke i røynsle. Mengda røynsle pr kamp variera avhengig av type kamp. Kampar som gir mest røynsle er semifinale og finale i Verdsmeisterskap, deretter VM-kampar, så Kontinentale kvart- semi- og finale. Det som gir minst røynsle er dei Kontinentale gruppekampane og Nasjonscupen og til slutt treningskampar.

- Om ein spelar blir skada og må forlate bana i ein landskamp, vil klubben få ein kompensasjon på 100% av løna ganger vekene skaden er estimert til å halde han vekke frå bana. Dette kjem i tillegg til den allereie gitte kostnadsreduksjonen på løna.

Det er ikkje skadar i treningskampar i landslagssamanheng.

Merk at det er forventa at du ikkje sabotera for eit landslag med spelaren/spelarane dine. Landslagsadministratorar, kan, som ei siste løysing, legge landslagsspelarar ut for sal ved sabotering.


Om du tenkjer på å stilla til val, eller berre vil ha meir informasjon, rår me deg til å lesa reglane for landslag.

Verdsmeisterskap kampoppsett - Sesong 1

Vk Mån Tys Ons Tor Fre Lau Sun
1 Val Røysting Val Røysting Val Røysting Val Røysting Val Røysting/Direktesendt trekking
/Treningskampar
Val Røysting Val Røysting
2 Val
Resultat
- - - Treningskampar - -
3 - - L.Å./S.T. Nullstill 100% nullstill - K.C. Kamp 1 - -
4 K.C. Kamp 2 - - - K.C. Kamp 3 - -
5 K.C. Kamp 4 - - - K.C. Kamp 5 - -
6 - - - - K.C. Kamp 6 - -
7 - - - - K.C. Kamp 7 - -
8 - - - - K.C. Kamp 8 - -
9 - - - - K.C. Kamp 9 - -
10 - - - - K.C. Kamp 10 - -
11 - - - - K.C. Kvartfinalar - L.Å./S.T. Nullstill 100% nullstill
(Berre jokerplassar)
12 K.C. SemifinalarP Kamp 1 - - - K.C. FinalarP Kamp 2 - Direktesendt trekking
13 - - L.Å./S.T. Nullstill 100% nullstill - V.M. R1 Kamp 1 - -
14 V.M. R1 Kamp 2 - - - V.M. R1 Kamp 3 - -
15 - - - - V.M. R1 Kamp 4 - -
16 - - - - V.M. R1 Kamp 5 - -

Verdsmeisterskap kampoppsett - Sesong 2

Vk Mån Tys Ons Tor Fre Lau Sun
1 - - - - V.M. R1 Kamp 6 - -
2 - - - - V.M. R1 Kamp 7 - -
3 - - - - V.M. R1 Kamp 8 - -
4 - - - - V.M. R1 Kamp 9 - -
5 - - - - V.M. R1 Kamp 10 - -
6 - - L.Å./S.T. Nullstill 80% nullstill - V.M. R2 Kamp 1 - -
7 V.M. R2 Kamp 2 - - - V.M. R2 Kamp 3 - -
8 V.M. R2 Kamp 4 - - - V.M. R2 Kamp 5 - -
9 - - - - V.M. R2 Kamp 6 - -
10 - - L.Å./S.T. Nullstill60% nullstill - V.M. R3 Kamp 1 - -
11 V.M. R3 Kamp 2 - - - V.M. R3 Kamp 3 - -
12 - - L.Å./S.T. Nullstill 40% nullstill - V.M. R4 Kamp 1 - -
13 V.M. R4 Kamp 2 - - V.M. R4 Kamp 3 - -
14 - - - - V.M. R5 Kamp 1 - -
15 V.M. R5 Kamp 2 - - - V.M. R5 Kamp 3 - -
16 V.M. Semifinalar - - V.M. Finalar - -

K.C.: Kontinental cup
V.M.: Verdsmeisterskap
J.: jokerplass
L.Å.: Lagånd
S.T.: Sjølvtillit
 
 
Server 081