Trenaren
Trenaren din er ein viktig person, både med tanke på sjølve treninga og på inspirasjonen til spelarane dine.
Trenareigenskapar
Evne: Ein dyktig trenar veit korleis treninga må gå føre seg for at spelarane skal verta betre. Dess betre trenar du har, dess meir effektiv vil treninga verta. Ein trenar kan aldri verta betre enn nivå 5 (utmerkt). Alle nye lag vil få ein nivå 3 (brukbar) trenar til å byrja med.
Leiarevne: I tillegg til å kunna trena opp spelarane effektivt, er trenaren din viktig for å inspirera spelarane dine. Lagånda kjem til å verta betre generelt sett, dersom trenaren din er ein god leiar.
Taktikk: Trenaren din kan vera defensiv, offensiv eller nøytral, noko som berre påverkar prestasjonen til spelarane dine i kampane. Ein offensiv trenar styrkjer angrepet ditt, men tenkjer mindre på forsvaret, medan ein defensiv trenar styrkjer forsvaret, men bryr seg mindre om angrepet.
Ein defensiv trenar styrkjer forsvaret litt meir enn ein offensiv trenar styrkjer angrepet, men har òg tilsvarande effekt på den motsette lagdelen. Ein nøytral trenar er korkje offensiv eller defensiv, og på det viset korkje styrkjer eller svekkjer han nokon del av laget.
Tap av evner
Når trenaren har vore i klubben ein sesong, vil leiarevna hans langsamt ta til å minka. Straks leiarevna er nede på katastrofal, vil trenarevna hans byrja å minka i staden.
Å byta trenar
Om du ikkje er nøgd med trenaren din, kan du anten velja å rekruttera ein ekstern trenar, eller å gjera ein av dine eigne spelarar til trenar. Ein spelar må ha vore minst 16 veker i klubben din før han kan gjerast om til trenar. Du kan endra trenaren din på "Tilsette"-sida, som du finn under "Klubben min"-menyen.
Kom i hug at alle trenarane på eit visst evnenivå er akkurat like gode. Om du kjøper deg ein trenar med nivå 3 (brukbar) trenarevne, vil han alltid verte "gjennomsnittleg" nivå 3 (brukbar) trenar. (ein nivå 5, utmerkt trenar, vil likevel vere berre 1/2 steg betre enn ein nivå 4, solid trenar).
Når du hentar inn ein ny trenar, vil den gamle trenaren verta verande som spelar i stallen din, men han kan aldri verta trenar att, og du kan heller ikkje selja han. Om du ikkje vil ha han med i stallen din vidare, vert du nøydd til å sparka han.
Rekruttera ein ekstern trenar
Når du skal velja deg ein trenar, er det viktig å avgjera kva for ein spelestil du vil trenaren din skal ha, og så må du bestemma kor god han skal vera. Kvar kombinasjon av leiarevne og trenarevne har ein fast pris. Dess betre trenar, dess høgare pris.
|
Leiarevne |
Nivå |
dårleg (3) |
veik (4) |
måteleg (5) |
brukbar (6) |
solid (7) |
|
|
10 000 US$ |
10 000 US$ |
10 000 US$ |
10 000 US$ |
10 000 US$ |
|
|
10 000 US$ |
22 800 US$ |
41 200 US$ |
65 100 US$ |
94 600 US$ |
|
|
79 600 US$ |
182 800 US$ |
329 700 US$ |
521 000 US$ |
757 100 US$ |
|
|
268 700 US$ |
617 100 US$ |
1 112 900 US$ |
1 758 500 US$ |
2 555 500 US$ |
|
|
4 000 000 US$ |
4 388 400 US$ |
7 914 600 US$ |
12 505 200 US$ |
18 172 500 US$ |
|
Å gjera ein spelar om til trenar
Somme gonger er det betre å rekruttera den nye trenaren din frå dine eigne rekker. Når du gjer om ein spelar til trenar, vil han halde på den noverande leiarevna si. Røynsla hans avgjer kor god han kan bli. Røynsla vil òg påverka kor mykje pengar det vil koste å trena spelaren til det nivået du vil ha han på. Meir røynde spelarar kostar mindre å trena. Om du har ein røynd spelar med høg leiarevne, så kan dette vere eit reint kupp. Likevel kan ikkje ein spelar oppnå høgare trenarevne enn røynsla hans, og spelaren må ha vore i troppen din i minst ein sesong (16 veker) før du kan gjera han til ein trenar.
Til vanleg kan ikkje ein trenar spela kampar, men når du gjer ein spelar om til ein trenar, så har du høve til å gjera han om til ein spelande trenar. Om du vel dette alternativet, så vil den spelande trenaren bli verande i troppen og kvalifisert til å spela kampar. Han vil òg få den vanlege spelarløna, i tillegg til trenarløna. Løna for trenarar står fast, medan spelarløna vil endra seg etter spelarevnene, akkurat som for alle andre spelarar.