Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Turneringar

Turneringar er den alternative konkurranseforma for laga i Hattrick. Du kan bli med i ei offisiell stigeturnering og freista verta 'Kongen på haugen', eller du kan spela turneringar som er styrt av managerane sjølve.

Merk deg at du kan framleis spela vanlege treningskampar kvar veke, sjølv om du spelar i ei turnering.

Eigne turneringar

Du må vera ein Gold, Platinum eller Diamond Supporter for å oppretta turneringar. Som ein ikkje-Supporter, kan du berre oppretta 'Avanserte'-turneringar. Opphavsmannen til turneringa avgjer storleiken, namn, etc. og inviterer så managerar til å bli med i turneringa. Gold og Platinum Supporterar kan bli med gratis i ei 'enkel' turnering om gongen, men må kjøpa kredittar til alle andre turneringar. Andre kan òg bli med gjennom Hattrick Gears. Diamond supporterar kan delta i ei 'enkel' turnering på same tid, og opp til 10 turneringar på same tid ved å nytta "Avansert" val, og vil ikkje trekkast kredittar for deltaking i dei, og vil ikkje bli trekt kredittar for deltaking i dei.

Når turneringa er full, vil ho byrja automatisk og eit forum for turneringa vil òg bli oppretta. Om ein "Enkel" turnering ikkje er fullteikna 72 timar før fyrste kampen skulle ha starta, så vil startdatoen bli utsett ei veke. Ein "Avansert" turnering vil bli utsett om ho ikkje er full 24 timar før den fyrste kampen, og kampen vil bli flytta til den neste moglege dagen.

Enkle turneringskampar vert spela på måndagar, men avanserte turneringskampar kan derimot spelast kor tid som helst i løpet av veka.

Turneringskampar (Stigar og andre)

Kampar vert spela på nøytrale baner og dei gjev deg ikkje noko inntekt frå tilskodarar (og ingen nye medlemmar i supporterklubben).

Alle turneringskampar nyttar dei same kampdata som ordinære kampar. Så forma, evnene, røynsla, skadestatus og liknande til spelarane dine på kampdagen vil nyttast. Det finst likevel to unntak: lagånd (og sjølvtillit) er sett til ein fast verdi og kort fungerer ulikt. Sjå under for detaljar.

Ingen effekt etter kamp

Turneringskampar har ingen effekt for laget ditt eller spelarane dine etter kamp. Så spelarar får ikkje noko trening eller røynsle frå desse kampane, kampar har ikkje nokon effekt for formasjonsrøynsle, lagånd og så vidare.

Detaljar

Alle detaljar du treng å vete om turneringskampar finn du her:

  • Lagånd: Lagånda er sett til eit fast nivå (tilfredse) i turneringskampar.
  • Sjølvtilliten til spelarane: Sjølvtilliten til spelarane er sett til eit fast nivå (glimrande) i turneringskampar.
  • Skadar: Du vil ikkje få skadar i turneringskampar, men alle skadde spelarar i "normale" Hattrick vil ikkje kunne spela.
  • Kort (eigne turneringar): Turneringar har sin eigen kortstatus, og eit annleis system med raude / gule kort frå 'vanlege' Hattrick. Eit kvart kort motteke i ein turneringskamp vil berre gjelda for kampar som er ein del av turneringa. På same vis vil ein spelar som får raudt kort i ein vanleg kamp i Hattrick framleis få lov til å spela ein turneringskamp.
  • Kort (stigar): Kort tel ikkje i det heile i stigekonkurransar.
  • Trening: Spelarar mottek ikkje trening frå å spela turneringskampar.
  • Røynsle: Spelarar får ikkje noko røynsle av å spela turneringskampar.
  • Formasjonar: Den noverande formasjonsrøynsla di i "normale" Hattrick vert òg nytta i turneringskampar. Du vil likevel ikkje få noka formasjonsrøynsle frå turneringskampar.

Stigeturneringar

I ei stige er målet ditt å nå den høgste rangeringa og bli 'Kongen på haugen'. Og så bli verande der så lengje du kan. For å nå toppen, må du utfordra andre lag rangert over deg for å ta deira plass i stigen.

Utfordringsreglar

Kva lag du kan utfordra er avhengig av kvar i stigen du er plassert.

  • Pos 2-5: Kan berre utfordrast av laget som er like over dei i stigen.
  • Pos 6-11: Kan utfordre lag 1-2 plassar over dei, men ikkje høgare enn 5 plass.
  • Pos 12-18: Kan utfordre lag 1-3 plassar over dei, men ikkje høgare enn 10 plass.
  • Pos 19-39: Kan utfordre lag 1-5 plassar over dei, men ikkje høgare enn 16 plass.
  • Pos 40-63: Kan utfordre lag 1-7 plassar over dei, men ikkje høgare enn 35 plass.
  • Pos 64-99: Kan utfordre lag 1-10 plassar over dei, men ikkje høgare enn 57 plass.
  • Pos 100-129: Kan utfordre lag 1-15 plassar over dei, men ikkje høgare enn 90 plass.
  • Pos 130-169: Kan utfordre lag 1-25 plassar over dei, men ikkje høgare enn 115 plass.
  • Pos 170-199: Kan utfordre lag 1-35 plassar over dei, men ikkje høgare enn 145 plass.
  • Pos 200-249: Kan utfordre lag 1-50 plassar over dei, men ikkje høgare enn 165 plass.
  • Pos 250-599: Kan utfordre lag 1-75 plassar over dei, men ikkje høgare enn 200 plass.
  • Pos 600-1099: Kan utfordre lag 1-100 plassar over dei, men ikkje høgare enn 525 plass.
  • Pos 1100-2499: Kan utfordre lag 1-250 plassar over dei, men ikkje høgare enn 1000 plass.
  • Pos 2500-5499: Kan utfordre lag 1-500 plassar over dei, men ikkje høgare enn 2250 plass.
  • Pos 5500+: Kan utfordre lag 1-1000 plassar over dei, men ikkje høgare enn 5000 plass.

Utfordraren betalar for kampen og utfordra lag aksepterer utfordringa automatisk. Kampen vert spela 24 timar etter at utfordringa er sendt. Om utfordraren vinn, så vert Kredittane refundert.

Posisjonsendringar etter ein kamp

Om du utfordrar eit lag og vinn, så tek du plassen til det laget du utfordra. Det utfordra laget vert flytta ned 1 posisjon (dette gjeld òg for alle andre lag mellom dei to laga i stigen).

Døme: Lag A er på 54. plass og utfordrar B, for tida på 47. plass. Om A vinn, så tek A 47. plassen frå B. B vert flytta ned til 48. plass, og laget som hadde 48. plass vert flytta ned til 49, laget som hadde 49. plass vert flytta ned til 50, og så bortetter.

Om du tapar, så vil båe laga verta verande på plassane sine.

Friperiodar frå utfordringar

Etter ein kamp der du vart utfordra , kan ikkje andre lag utfordra deg på 12 timar (sidan starten på den siste kampen din). Dette vil seia at du har ein friperiode til sjølv å utfordra eit lag og klatra i stigen.

Etter ein kamp der du var utfordraren, kan du ikkje utfordra eit anna lag i minst 12 timar (sidan starten på den siste kampen din). Dette for å gje andre lag ein sjanse til å utfordra deg (og i tillegg for å hindra scenario kor til dømes #2 med det same alltid utfordrar #1, og som gjer det umogleg for #3 å utfordra han og ta den plassen).

 
 
Server 080