Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Spelarar: evner

Kvar spelar har 8 grunnleggjande evner, i tillegg til nokre andre faktorar som påverkar prestasjonane deira i ulike situasjonar. La oss sjå over dei ulike evnene fyrst:
Kondisjon: Avgjer kor mykje av evna til å prestera ein spelar mistar i løpet av ein kamp.
Ballfordeling: Evna til å kontrollera ballen og laga målsjansar.
Målskåring: Det er meininga at ballen skal hamna i nettet.
Kantspel: Evna til å laga målsjansar ved å rykkja framover på sida.
Målvakt: Ballen skal ikkje hamna i eige nett.
Pasningar: Spelarar som veit korleis dei skal slå den avgjerande pasninga, er til stor hjelp når laget går i angrep.
Forsvar: Evna til å stogga motstandarane når dei går i angrep.
Daudball: Resultatet av frisparka og straffesparka du får, kjem an på kor god daudballtakaren din er.

Kor god er spelaren?

I det verkelege livet seier me at ein spelar er ein "heilt ok kantspelar" eller ein "verkeleg god forsvarar" når han spelar. I Hattrick gjer me det på same måten når me skildrar kor god ein spelar er. Me brukar nemningar (ikkje berre for spelarar), og evnene til spelarane finst på ein skala frå fråverande til guddomleg. Du kan sjå alle dei komplette listene i dette tillegget: appendix.

Ulike spelarar treng ulike evner

Alle spelarane treng ikkje å vera gode i alt, men kondisjonen er viktig for alle.  Nokre gonger er det nok at ein spelar er god i ei evne (utanom kondisjon), men du vil få mest ut av spelarane dine om dei har gode evner på fleire område.  Kva evner (andre enn kondisjon) ein spelar dreg nytte av, kjem an på kva for ein posisjon spelaren har:

Målvakter:

Målvakt er sjølvsagt ei viktig evne for målvakter. Men dei kan i tillegg dra nytte av å vera gode i forsvar, medan daudball hjelper til med å forsvara seg mot frispark og straffespark.

Midtstopparar:

Forsvararar bør sjølvsagt vera gode i forsvar. Ballfordeling er òg nyttig, og pasningsevner kan verkeleg utgjera ein forskjell i ei kontring.

Sideforsvararar:

Forsvarsevna er viktigast, men dei dreg god nytte av å vera gode i kantspel. Om dei har evner innan ballfordeling og pasningar, kan dei i tillegg vera med og starta ei kontring.

Sentrale midtbanespelarar:

Å ha gode ballfordelararar på sentralt på midtbana er heilt avgjerande for dei fleste suksessrike lag. Dei nyttar òg evnene deira innan pasningar og forsvar, i tillegg til ein del målskåring.

Kantspelarar:

Her er det sjølvsagt viktig å ha gode kantspelevner, men ballfordeling er òg viktig. I tillegg vert både pasnings- og forsvarsevna brukt.

Angriparar:

Hovudoppgåva deira er å skåra mål, og det gjer at den viktigaste evna er målskåring. Dessutan er òg pasningar verdifullt, og det er i tillegg kantspel og ballfordeling.

Endringar i evnene

Evnene endrar seg langsamt over tid. Alle evner kan utviklast med trening så lenge ein spelar er i live, men etter kvart som spelarane vert eldre, vil dei byrja å tapa litt av evnene sine. Alt om endringar i evner vert omtalt i kapitlet om trening.
 
 
Server 081