Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Spelarbyte

Som me alt har nemnt i kapitlet om startoppstilling: viss ein av spelarane dine vert skadd, kjem den innbytaren du har sett opp på den posisjonen, til å ta plassen hans heilt av seg sjølv. Men du kan òg setja opp byte som du bestemmer på førehand.

Førehandsbestemte byte

Du kan på førehand setja opp spelarbyte i ein kamp, anten for å setja i verk ei genial taktisk endring, eller berre fordi du vil byta ein trøytt spelar mot ein utkvild ein. Du kan til dømes byta ein angripar mot ein ekstra forsvarar, slik at du kan sikra leiinga i kampen, eller du kan byta ein forsvarar mot ein angripar viss du ligg under. Du kan òg velja å endra individuelle spelarordrar for ein spelar.

Leggja til eit førehandsbestemt byte

For å leggja til eit byte, går du til knappen for "Spelarbyter / ordrar" på sida der du legg inn kampordrar. Du vel ein spelar som du vil skal gå av bana, og så vel du ein spelar som du vil skal koma inn. Då vel du òg kva vilkår du set for at bytet skal skje. Du kan setja opp eit byte som skjer i eit bestemt minutt i kampen, og/eller som er avhengig av stillinga i kampen med å vise "avanserte omstende". Du kan i "avanserte omstende" dessutan leggja til eit nytt omstende viss ein av spelarane dine (eller ein av spelarane til motstandaren din) skulle få eit raudt kort og endra spelaren sin posisjon.

Leggja til ei endring i åtferd

Du legg òg til eindringar i åtferd på linken for “Spelarbyter / ordrar”. Akkurat som når du legg til spelarbyte, vel du den spelaren du har i tankane, og så legg du til kva som må henda for at han skal endra åtferd.

Du kan leggja til fem spelarordrar

Du kan leggja opp til fem ulike spelarendringar (spelarbyte og individuelle endringar). Men hugs at dommaren ikkje vil la deg byta inn fleire enn tre spelarar i ein kamp!

Ordrane vert utførte når vilkåra er innfridde

Alle spelarbyte og spelarordrar blir utførte så snart dei vilkåra du har skildra, faktisk hender i kampen. Viss desse vilkåra ikkje vert innfridde, vil heller ikkje endringane skje. Viss du bed om eit spelarbyte i det 65. minuttet, same kva stillinga er, vil bytet skje i det 65. minuttet. Men viss du bed om ein spelarbyte i det 70. minuttet, og vilkåret er at laget ditt er i leiinga, vil bytet skje når som helst etter det 70. minuttet, med det same vilkåret er innfridd. Så viss du tek leiinga i det 80.minuttet, vil spelarbytet fyrst skje då.

Om du set opp to ordrar i det 70. minutt, éi endring som skjer om du er i leiinga og den andre om du leiar med meir enn eitt mål, og om stillinga då er 3-0 når den tida kjem - så vert begge ordrane utført.

Merk deg: Om du har sett to ordrar med dei same vilkåra (til dømes kampminutt og resultat), så vil dei IKKJE bli utført på nøyaktig same tid, men i den rekkefylgja dei vart oppretta.

Etter kampen kan du (men ikkje motstandaren din) sjå ei liste over dei endringane som vart gjorde med spelarane dine gjennom kampen. Lista finn du ved hjelp av ein link på den sida der du ser kor mange stjerner spelarane dine fekk i kampen. Der finn du òg meir informasjon om kva tid endringane vart utførte, og kvifor dei eventuelt ikkje vart utførte.

Du kan ikkje reagera på skadar

Det er ikkje mogleg å setja opp vilkår for skadar. Viss ein spelar vert skadd i kampen, vil det automatiske systemet ta hand om det. Dette inneber at ein skade kan øydeleggja for dei planlagde byta dine, akkurat slik som i det verkelege livet.
 
 
Server 081