Kampar: daudball og spesielle hendingar

I dette kampkapitlet skal me gå litt djupare og fokusera på to viktige kampdetaljar: korleis du kan skåra på daudball og kva du kan tena på spesielle kamphendingar (og andre tilleggshendingar).

Daudball

Nokre av dei vanlege angrepa dine vil resultera i ein daudballsituasjon, anten som eit frispark eller straffespark.

Medan eit ordinært angrep ikkje kan leie til hjørnespark, så kan hjørnespark i staden skje som ei spesiell hending (sjå under).

På same vis som i røynda, kan det vere særs verdifullt å meistre daudballar i Hattrick.

Direkte frispark

Om laget ditt får eit frispark i ein god posisjon, så vil den utpeikte daudballtakaren din få ansvaret (sjå under).

Denne spelaren vil testa evnene hans direkte mot målvakta, ved å nytte daudballevna og røynsle. Målvakta vil forsvara seg med daudballevna si, målvaktsevna og røynsle.

Indirekte daudball

Om lag ein tredjedel av daudballsjansane dine vil vera indirekte frispark, og kva du får ut av desse kjem an på innsatsen til laget ditt.

For å angripa nyttar du (i prioritert rekkefølgje):
den gjennomsnittlege målskåringsevna til utespelarane dine
den gjennomsnittlege målskåringsevna til utespelarane dine
den gjennomsnittlege daudballevna til han som slår daudballen
Røynsla til spelarane er òg viktig.

For å forsvara seg, nyttar laget ditt (i prioritert rekkefølgje):
den gjennomsnittlege forsvarsevna til utespelarane dine
den gjennomsnittlege daudballevna til utespelarane dine
målvaktsevna og daudballevna til målmannen din
Og igjen, røynsla til alle spelarane nemnt her.

Desse karakterane er kjend som dei offensive og defensive indirekte daudball-karakterane.

Straffespark og straffesparkkonkurransar

Det finst to typar straffesparksituasjonar i Hattrick, og dei fungerer ulikt.

Vanleg straffespark

Om dommaren bles for straffespark i løpet av kampen, så vil den utpeikte daudballtakaren din (sjå under) gå fram. Dei fylgjande evnene og spesialitetar gjeld:
For straffesparktakarar: daudball og røynsle
For målvakta: daudball, målvakt og røynsle. Spesialitet snøgg.

Straffesparkkonkurranse

Nokre kampar som til dømes cupkampar eller kvalifiseringskampar kan ikkje enda uavgjort. Om ein sånn kamp ikkje har blitt avgjort etter full tid, og ekstraomgangar, så vil det avgjersast ved straffesparkkonkurranse. Fyrst får kvart lag fem straffespark. Om kampen framleis trengst å avgjerast etter dette, så vil laga få ein straffe kvar heilt til eit av laga har skåra meir enn det andre.

I ein straffesparkkonkurranse, så er momentum viktig. Ein spelar som har skåra på straffe tidlegare i kampen vil ha ein 10% bonus i løpet av konkurransen. Målvakter som har redda ein straffe tidlegare i kampen, inkludert straffesparkkonkurransen, vil få ein 10% bonus til å redda det påfølgjande straffesparket. Dette momentum går tapt så fort denne rekka vert broten.

Dei fylgjande evnene og spesialitetane er viktige i ein straffesparkkonkurranse:
For straffesparktakaren: daudball, målskåring og røynsle. Momentum-bonus, som skildra ovanfor, er òg viktig, likeins som teknisk spesialitet.
For målmannen: målvakt, momentum-bonus. Snøgg spesialitet.

Val av daudballtakarane dine

Den utpeikte daudballtakaren din vil, i dei fleste høve, ta hand om straffesparka, direkte frispark og hjørnespark spesielle hendingar i løpet av kampen.

Om du ikkje vel ein spelar til denne rolla i kampordreskjemaet, så vil trenaren velje den spelaren med dei høgaste daudballevnene til å gjera jobben.

]Om den valte spelaren din vert skadd, utvist eller bytta ut, så vil ein annan spelar ta rolla hans. I ein sånn situasjon, så vil den fyrste straffesparktakaren din (sjå under) bli nytta. Om du ikkje har valt straffesparktakarar, så vil trenaren din velja ein spelar for den rolla.

I straffesparkkonkurransar, så er lista med straffesparktakarar i fana på kampordreskjemaet viktig. Det vert nytta til å avgjera rekkefylgja på straffetakarane på førehand. Om denne lista ikkje har blitt førebudd, så vil trenaren velja spelarar basert på deira daudball- og målskåringsevner.

Spesielle hendingar

I tillegg til dei vanlege angrepa kan det òg oppstå spesielle hendingar. Dei spesielle hendingane kjem an på evnene til spelarane dine, nærare bestemt spesialitetane deira, noko som gjer det til ein god strategi å setja saman eit lag som har god balanse mellom dei ulike spesialitetane.

Det er to typar spesielle hendingar:

1. Spesielle Hendingar Relatert til Høgt Ballinnhav: Sannsynet for å tilrive seg ei spesiell laghending avgjerast av ballinnehavet (om ein har 55% ballinnehav har ein òg 55% sannsyn for å få laghendinga).


2. Individuell Spesiell Hending:
Spesialhendingane fordelast etter kva spesialitetar spelarane på bana har.

Det kan vera ein føremon å ha mange spelarar med spesialitetar, men det er ikkje nok åleine. Ein må òg ha spelarar med den rette eigenskapen i riktig posisjon for at hendinga skal utløysast. Det er viktig å finna den rette balansen mellom spesialitetane i laget.

For kvar spesielle hending i ein kamp går sannsynet ned for ei ny spesiell hending.

Individuelle spesielle hendingar

Desse hendingane avhenger av spesialitetar, spelarevner og spelarposisjon. Eit lag med fleire spelarar med ein spesiell spesialitet vil ha høgare sannsyn for å aktivitere den individuelle hendinga som er relatert til spesialiteten.

I tillegg til det som er ramsa opp nedanfor, spelaren som endar opp med sjansen til å avslutte (ofte, men ikkje alltid, den same spelaren som skaper sjansen) vil ha bruk for noko målskåringsevne for å laga mål på desse angrepa.

Omskiftelege spelarar kan nytta pasningsevna si til å slå uventa, lange pasningar om dei er målmenn, sideforsvararar eller midtstopparar, og deira målskåringsevne til å bryta ballbana om dei er sentrale midtbanespelarar, angriparar eller kantspelarar. Om dei er utespelarar, så vil deira vekslande natur òg kunne skapa målsjansar. Dess lågare forsvarsevna er til ein omskifteleg forsvarar eller sentral midtbanespelar, dess høgare er sjansen for at dei kan gjera ein grov feil som vil gje motstandaren ein målsjanse. I tillegg, så har omskiftelege kantspelarar eller angriparar med låge pasningsevner større sjansar for å skapa kaos i forsvaret ditt, noko som kan resultera i eit uheldig sjølvmål.

Snøgge kantspelarar, sentrale midtbanespelarar og angriparar kan skapa målsjansar ved å nytta farten sin. Dette kan motstandaren motverka ved å nytta ein defensiv spelar (midtstoppar eller sideforsvarar) som òg er snøgg. Du vil òg få eit løft i kontringsangrepa for alle snøgge kantspelarar, sentrale midtbanespelarar og angriparar på laget ditt. Motstandaren kan framleis redusera denne effekten med snøgge midtbanespelarar, sideforsvararar, midtstopparar eller keeper (berre det ekstra løftet kan bli utlikna, ikkje nivået på den taktiske evna frå utgangspunktet).

Tekniske kantspelarar, sentrale midtbanespelarar og angriparar kan skapa målsjansar, dersom keeperen, den forsvararen eller sentrale midtbanespelaren som han møter, er ein hovudspesialist (treng ikkje å vera den rake motsetning). I tillegg, så vil alle tekniske forsvararar og sideforsvararar gje deg ein liten sjanse til å skapa ikkje-taktiske kontringsåtak frå eit vanleg, mislukka åtak frå motstandaren din. Dess høgare pasningsevne til forsvararen, dess høgare er sjansen.

Kantspelarar som har høg nok kantspelevne, kan skapa sjansar som ein annan kantspelar, ein midtbanespelar eller angripar må avslutta på. Om denne spelaren som avsluttar har tilstrekkeleg målskåringsevne, er det meir sannsynleg at han vil skåra. Om han er hovudspesialist, vil det vera endå lettare for han å skåra.

Trøyttleik: Trøytte midtstopparar kan gjera uventa feil. Om ikkje angriparen på det andre laget òg er for trøytt, vil dette gje ein ekstrasjanse til motstandaren.

Andre kamphendingar

Det finst òg nokre andre hendingar som kan inntreffa i ein kamp. Sjansen for å få ei slik hending kjem ikkje an på styrken på midtbana di, så sjansen aukar ikkje sjølv om du dominerer midtbana.

Kontringar: Sjølv om du ikkje nyttar kontringstaktikken, er det ein liten sjanse for at laget ditt får til ei kontring. Desse "taktikkuavhengige" kontringane er ikkje avhengige av at midtbana di er veikare enn den til motstandaren, noko som elles er naudsynt for å kontre. Sjå kapitlet om taktikkar for å få meir informasjon om kontringar.

Langskot: Sjølv om du ikkje nyttar langskottaktikken, er det ein liten sjanse for at laget ditt får høve til å fyra av eit langskot. Les kapitlet om taktikk for å få meir informasjon om langskot.

Sterke sentrale midtbanespelarar, om du spelar defensivt kan dei konsentrera seg om å bryte opp åtaka og vinna ballen. Om han er vellukka i pressinga, så vil åtaka til motstandaren falle saman. For å gjera det, treng han lite på forsvarsevna og kondisjonen.

Sterke angriparar, ved normalt spel kan sterke angriparar plassera seg på rett stad, og kjempa fram ein ny skotsjanse etter at ein normal sjanse for laget ditt har mislukkast. Dei treng tilstrekkeleg ballfordeling- og målskåringsevner for å gjera det. Merk deg at fysisk spel kan resultera i gule kort; men om spelaren din alt har fått eit kort, så vil han opptre meir varsamt i sånne situasjonar.

Du vil få ein overbefolkningsstraff om du har to eller tre spelarar med den same kombinasjonen av spesialiteter og posisjonar blant fylgjande typar: teknisk defensive angriparar, sterke vanlege angriparar og sterke defensive sentrale midtbanespelarar. Om du har to spelarar av same typen, så vil du få ein straff for bidraget deira (4% kvar). Om du har tre av dei, så vil straffen bli større (7,5% kvar).

Vêrtilhøve og Spesialitetar

Enkelte spesialitetar høver seg betre enn andre i dei ulike vêrtilhøva. Prestasjonen til alle spelarane vert påverka ved spesifikke vêromstende heilt frå byrjinga av kampen.

Tekniske spelarar vert 5 % betre i alle dugleikar når det er sol, og tilsvarande dårlegare når det regnar.

Sterke spelarar vert 5% betre i regn og 5% veikare i sol. Dei vert òg trøyttare i sol.

Snøgge spelarar presterer 5% dårlegare i sol.

Når vêret påverkar spelarane, så vil du få informasjon om det i kamprapporten. Og stjernekarakterane vil òg bli reflektert tilsvarande i prestasjonane til dei spelarane det gjeld.

Spesielle hendingar relatert til ballinnehav

Desse hendingane kjem an på midtbanekarakteren. Dess betre midtbane ein har, dess høgare sjanse for å aktivere hendingane.

Hjørnespark spesiell hending

Hjørnespark vert handtert som ei lag spesiell hending. Den utpeikte daudballtakaren din vil ta hjørnesparka.

For å skåra på eit hjørnespark, så kan du betra sjansane dine ved at han som tek hjørnesparka har ein høg daudballevne, og ved å ha høge offensive indirekte daudballkarakterar samanlikna med motstandaren sine defensive indirekte daudballkarakterar.

Det er to typar hjørnespark. For den eine, dess fleire hovudspesialistar blant utespelarane på laget ditt (daudballtakar gjeld ikkje), og dess lågare tal på hovudspesialistar på laget til motstandaren, dess betre vert skåringssjansane dine. Om du ikkje har ein einaste hovudspesialist, vil du vere særs veik til å forsvara hjørnespark, og særs veik til å skåra på dine eigne hjørnespark.

For den andre typen, så vil sjansen til å skåra vere avhengig av målskåringsevna til spelaren som mottek ballen. Merk deg at hjørnespark kan føre til eit gult kort for det angripande laget, men om spelaren alt har fått eit gult kort, vil han vera ekstra varsam. Så sjansen for eit gult kort nummer to er mindre enn han elles ville vore.

Røynsle: Angriparar med røynsle kan skåra på grunn av den lange erfaringa si. Urøynde forsvararar kan i staden koma i skade for å gje ekstrasjansar til motstandarane.

 
Server 071