Seriesystemet

Ein Hattricksesong varar i 16 veker: 14 ligarundar (8 lag i kvar avdeling som spelar mot kvarandre to gonger), ei veke med kvalifiseringskampar og ei veke utan aktivitet.

Divisjonspyramiden

Alle avdelingar i Hattrick er bygd opp på same måten: Du startar på botten av pyramiden, siktar på opprykk til det høgaste nivået over tid.

Dei tre høgaste divisjonane ser like ut i alle land; toppdivisjonen har berre ein avdeling med åtte lag; det er der serievinnaren blir bestemt.

Under toppdivisjonen vil det vere fire avdelingar med totalt 32 lag. Dei fire laga som vinn sin avdeling har mogelegheita for å rykke rett opp til toppdivisjonen, eller spele ein kvalifiseringskamp, avhengig av kor godt ein har spelt sesongen.

The tredje nivået har 16 avdelingar med 128 lag, igjen ein utviding med faktor av fore med dei same opprykksreglane som i divisjonen over.

I divisjonane under, så ser ikkje alle ligaene like ut. Avhengig av kor mange aktive brukarar det er i avdelinga, så kan strukturen på pyramiden flate ut (tillet fleire lag per nivå, men gjer det meir krevjande å rykke opp) eller utvide på ein høgare og smalare måte (noko som gjev fleire divisjonsnivå og betre sjansar for opprykk).

Divisjonsstrukturen i ligaen din er viktig for deg fordi det avgjer opprykksreglane i dei ulike seriane. Sjå på ligatabellen din for eksakt informasjon om korleis opprykksreglane fungerer for avdelinga di. Du kan óg søke opp ande divisjonar frå pilene på seriesida for å sjå korleis opprykk fungerer andre stader.

Hattrick Fotballforbund kan til tider justere ligastrukturen ved å redusere eller auke storleiken på avdelingar i ein divisjon. Om det skulle skje, så vil det bli kommunisert i forkant av justeringa.

Opprykk, nedrykk og kvalifiseringskampar

Opprykk kan føregå på tre måtar, avhengig av storleiken på divisjonen din samanlikna med den som er over deg.

1. Serievinnarar rykker anten rett opp eller må spele ein kvalifiseringskamp: Om divisjonen er mykje større (x4), så kan færre lag rykke opp. 50% av avdelingsvinnarane rykk rett opp, medan resten må spele kvalifiseringskampar. Kven som får direkte opprykk avhenger av poeng og målskilnad etter endt sesong.
2. Vinnaren rykk rett opp, andreplassen får spele kvalifiseringskamp: Om divisjonen din er dobbelt så stor som divisjonen over, så vil vinnaren alltid rykke rett opp, medan andreplassen får spele ein kvalifiseringskamp mot eit lag frå divisjonen over.
3. To lag rykk rett opp, to lag spelar kvalikk: Om divisjonen din er like stor som den over, så vil fire lag få sjansen til å rykke opp. Lag på 1. og 2 plass rykker rett opp, medan lag på 3. og 4. plass spelar kvalifiseringskamp.

Nedrykksreglar er enklare. Med mindre du spelar i den lågaste divisjonen, så vil lag som endar på 7. og 8. plass alltid rykke rett ned, medan lag som endar på 5. og 6. plass spele kvalifiseringskampar for å bli verande i divisjonen.

Hugs at alle opprykk- og nedrykksreglane for di avdeling kan du lese om på avdelingssida di.

Byte avdeling

Dersom laget ditt tevlar i ein av dei tre lågaste divisjonane i ligaen, er det mogleg å byta frå ein serie til ein annan i den same divisjonen. For å få dette til må det vera ein ledig plass i serien du ynskjer å bli med i.

Det er to mogelegheiter for å byte serie:

1. Sesongplanleggaren vil vere synleg på seriesida di, der du kan sette opp føretrekte seriar. Denne mogelegheita opnar opp om lag ein månad før sesongen er over der du kan lage ei prioriteringsliste over seriar fram til sesongslutt. Alle moglege byter skjer rett etter kvalifikasjonskampane er ferdigspela. Om divisjonen over eller under deg har mogelegheit for å seriebyte, så kan du óg legge inn føretrekt serie i desse divisjonane. Desse prioriteringane vert nytta i fall du skulle rykke opp eller ned ved sesongslutt. Prioriteringslista di vert sletta så fort alle moglege seriebyte er ferdig og den nye sesongen byrjar.

2. I løpet av veka etter kvalifiseringskampane blir spelt, er det ein andre mogelegheit for å byte serie. Bruk Seriebyte-sida og du kan sjå etter ledige plassar i andre seriar og flytte direkte dit. Dessutan, om du rår over eit ekstra lag, som del av Supporter-medlemsskapen din, kan laga dine aldri flytta for å spela i same serie.

Nedrykk og opprykk for datastyrte lag (bot)

Etter sesongslutt vil alle datastyrte lag i VI. divisjon og lågare automatisk bli degradert til den lågast moglege divisjonen. Det einaste unntaket til dette er toppen av VI. divisjon, kor alle datastyrte lag som vinn serien anten vil rykka opp eller spela kvalifiseringskamp som normalt. Datastyrte lag i V. divisjon eller over, vert handsama på same vis som lag med menneskelege eigarar når det gjeld opprykk og nedrykk.

Når desse datastyrte laga vert degraderte, vil det frigjera plass for andre lag i dei høgare divisjonane. Desse laga vert kalla "Lucky Losers", og er anten lag som tapte kvalifiseringskampar, eller i nokre høve lag som rykte direkte ned. Du kan velje vekk opprykk på dette viset i innstillingane for laget.

Om det er fleire datastyrte lag (bot-lag) i ikkje-botndivisjonane enn managerar i botndivisjonane, så vil systemet automatisk stengja botndivisjonane, og gjer då førebuingar deretter.

Serieplassering og rangering

Sluttstillinga vert avgjort av, i rekkefylgje etter kor viktige dei er, seriepoeng, målskilnad og talet på skåringar. Dette avgjer så rangeringa di, som vert nytta til å avgjera kven som møter kven i kvalifiseringar og cupkampar. Rangeringa er basert på fleire ting, i denne rekkjefølgja: serienivå, tabellplassering, poeng, målforskjell og talet på skåringar. Både for serieplasseringa og rangeringa gjeld det: om alle desse faktorane skulle vera like for to lag, vil det heile verta avgjort med myntkast!

Pengepremiar

Om du endar på fyrste, andre, tredje eller fjerde plass, får du ein pengepremie. Storleiken på premien kjem an på plasseringa og kva for eit serienivå du er på:


Serienivå 1 2 3 4
Divisjon I 2 000 000 US$ 1 175 000 US$ 825 000 US$ 500 000 US$
Divisjon II 1 350 000 US$ 1 050 000 US$ 750 000 US$ 450 000 US$
Divisjon III 1 200 000 US$ 925 000 US$ 675 000 US$ 400 000 US$
Divisjon IV 900 000 US$ 700 000 US$ 500 000 US$ 300 000 US$
Divisjon V 600 000 US$ 475 000 US$ 325 000 US$ 200 000 US$
Divisjon VI 525 000 US$ 400 000 US$ 300 000 US$ 175 000 US$
Andre divisjonar 450 000 US$ 350 000 US$ 250 000 US$ 150 000 US$

Det vert òg utbetalt ein bonus på 10 000 US$ for å ha toppskåraren i avdelinga. Pengepremien vert utbetalt etter siste seriekampen. Om to spelarar har skåra like mange mål, får begge klubbane utbetalt bonusen. Dersom to spelarar som deler toppskårartittelen begge tilhøyrer laget ditt, vert premien likevel utbetalt berre ein gong.

Opprykksbonus

Om du rykkjer opp til ein høgare divisjon, vil du få utbetalt ein opprykksbonus på toppen av dei andre pengepremiane. I tillegg vil eit opprykk ha ein positiv innverknad på supporterklubben din: Du får 10 % fleire tilhengjarar (på same måten vil du tapa 10% om du rykkjer ned). Om du rykkjer opp "gratis" utanom dei vanlege opprykksplassane, så får du berre dei ekstra tilhengjarane. Døme på dette inkluderer bonusopprykk grunna fjerning av bot-lag og mellombelse ekstra opprykksplassar tilgjengeleg i Hattrick International-ligaen.


Serienivå Direkte opprykk Opprykk etter kvalifisering
Divisjon I - -
Divisjon II 500 000 US$ 175 000 US$
Divisjon III 450 000 US$ 150 000 US$
Divisjon IV 400 000 US$ 125 000 US$
Divisjon V 300 000 US$ 100 000 US$
Divisjon VI 200 000 US$ 75 000 US$
Andre divisjonar 175 000 US$ 50 000 US$
 
Server 072