Cupsystemet
Deltaking i ein av cupane i Hattrick er ei spennande utfordring for alle managerar, i tillegg er det eit godt høve for spelarane dine å hausta røynsle og for å tena ekstra pengar til klubben din. Cupsystemet i Hattrick er meint å kunne tilby ei meiningsfylt oppleving for lag på alle nivå. Det har òg blitt utforma for å sikra at alle laga vert garantert minst tre cupkampar kvar sesong.
Alle lag i 6. divisjon og over vil få delta i den nasjonale cupen. I fall ei tidleg utsleging frå den nasjonale cupen, så vil laget få høve til å ta del i ein litt lågare rangert cup.
Om ligaen din har meir enn seks divisjonar, så vil det òg vera ein divisjonscup for kvar divisjon under 6. divisjon. Laga i desse divisjonane (7. divisjon og under) vil spela i deira respektive divisjonscupar, i staden for den nasjonale cupen.
Om laget ditt vert tidleg utslegen frå divisjonscupen så vil du, likt som i den nasjonale cupen, få sjansen til å delta i ein lågare rangert cup i staden for.
Cupoppsett
Cupkampar vert alltid spela midt i veka. Den fyrste runden i den nasjonale cupen og divisjonscupen finn stad nokre få dagar før den fyrste seriekampen din i sesongen. Challenger cupane er sett saman av lag som har blitt utslegne frå anten den nasjonale cupen eller divisjonscupen, og difor byrjar den fyrste Challenger cupen ei veke etter den nasjonale cupen og divisjonscupen. Det finst separate Challenger-cupar som korresponderer med dei nasjonale cupane og med kvar einskild divisjonscup.
Den fyrste cupmotstandaren din og cupen du vil ta del i vert annonsert ei veke på førehand. I komande rundar vil dei neste motstandarane dine og noverande cup bli annonsert rett etter at alle kampar i noverande cup er slutt.
Lag som kjem inn i ei turnering i ein seinare runde vert alltid rangert til å møta lag som kom inn tidleg i tevlinga. Om laga vart med i tevlinga på same tid, så vil dei høgst rangerte laga alltid møta dei lågast rangerte laga. (I praksis vil dette seie at om du klarar å henge med i den nasjonale cupen fram til den 5. eller 6. runden, så vil du når du vert med i ein Challenger cup rangerast mot eit lag som vart eliminert i den nasjonale cupen i 1. eller 2. runde, uavhengig av den vanlege rangeringa di i cupen.
Laga vert fyrst rangert etter kva divisjon dei vil spela i denne sesongen, seinare rangert innanfor den særskilde divisjonen som fylgjer:
1. Aktive degraderte lag
2. Aktive lag som korkje vart degraderte eller rykte opp
3. Lag som rykte opp med eiga hjelp
4. Lag som rykka opp "gratis" (tok plassen til eit degradert bot-lag)
5. Datastyrte lag i høve ledige plassar
Lag i kvar gruppe over er sortert etter rangeringa ved sesongslutt sist sesong. Rangeringa vert den same så lenge cupen varer.
Dei høgare rangerte laga vil alltid spela borte fram til dei siste 6 rundane av cupen, men frå då av vil alle kampane spelast på nøytral bane. Alle cupkampar som ikkje er avgjorde ved full tid, går til ekstraomgangar. Om kampen ikkje då vert avgjort, vert det avgjort ved straffespark. For å få meir informasjon om korleis du vel straffetakarar, sjå kapitlet "Oppstilling: røynsle og forvirring".
Cupformat
Den viktigaste cupen i kvar liga er den nasjonale cupen. Denne er open for alle lag i 6. divisjon og ovanfor som har ein menneskeleg manager. Berre dei aller beste laga vil ha moglegheit til å vinne den nasjonale cupen, men alle lag som når langt i turneringa vil bli løna godt.
Men, dersom laget ditt tidleg vert slege ut av den nasjonale cupen vil du få ein ny sjanse. Viss du vert slege ut i ein av dei seks fyrste rundane av den nasjonale cupen, vil du få plass i ein av dei tre nasjonale vandrepokalcupane. Deltaking i vandrepokalcupane vil framleis vere attraktivt for klubben din, men langt mindre lønsamt enn den nasjonale cupen. Å karre seg vidare i den nasjonale cupen skal alltid betale seg.
Dei tre utfordrarcupane er opphavleg kalla smaragd, rubin og safir. Smaragdcupen tek til seg alle lag som vert utslegen frå den nasjonale cupen i runde 1 eller 6. Lag som vert utslege i runde 2 eller 5 deltek i rubincupen. Og lag som vert utslege i runde 3 eller 4 vert flytta til safircupen. Dei tre cupane vert spela parallelt med kvarandre og med den nasjonale cupen, og det vil verte kåra éin vinnar i kvar av dei. Merk deg at utfordrarcupane kan hende har fått nye namn i nokre ligaer ulikt frå dei opphavlege namna.
Lag som vert utslege i runde 1 av smaragdcupen og runde 1 av rubincupen, vil få plass i trøystecupen. Denne cupen gjev ikkje premiepengar eller andre frynsegode, men vinnaren vil få ein trofé.
I ligaer med meir enn seks divisjonar vil det bli arrangert divisjonscupar for 7. divisjon og nedover. Divisjonscupen følgjer eit likande mønster med ein hovudcup, dei tre vandrepokalcupane smaragd, rubin og safir, og dessutan ein trøystecup. Den einaste skilnaden er at dei samla prispengane er lågare.
Storleiken på cupane vert avgjort av talet på lag som er kvalifisert for cupen og som er managerstyrt. Den minste moglege cupstorleiken som samstundes gjev rom for alle kvalifiserte lag vil bli vald. Så snart alle managerstyrte lag er med så vil cupen bli fylt opp med bot-lag slik at alle får ein motstandar.
1. Mengda av kvalifiserte lag styrt av menneske er talt opp
2. Den minste cupstorleiken som passar alle laga styrt av menneske er vald
3. Denne cupen er så fylt opp med menneskestyrte lag fyrst
4. Så deltek "vanlege" bot-lag frå seriesystemet
5. Viss dette ikkje er nok så vil nye bot-lag bli skapt eine og åleine for deltaking i cupen.
Veke |
Nasjonal cup |
Ponduscup (Smaragd) |
Ponduscup (Rubin) |
Ponduscup (Safir) |
Trøystecup |
|
Lag |
Lag |
Lag |
Lag |
Lag |
1 |
16384 |
|
|
|
|
2 |
8192 |
8192 |
|
|
|
3 |
4096 |
4096 |
4096 |
|
4096 |
4 |
2048 |
2048 |
2048 |
2048 |
4096 |
5 |
1024 |
1024 |
1024 |
2048 |
2048 |
6 |
512 |
512 |
1024 |
1024 |
1024 |
7 |
256 |
512 |
512 |
512 |
512 |
8 |
128 |
256 |
256 |
256 |
256 |
9 |
64 |
128 |
128 |
128 |
128 |
10 |
32 |
64 |
64 |
64 |
64 |
11 |
16 |
32 |
32 |
32 |
32 |
12 |
8 |
16 |
16 |
16 |
16 |
13 |
4 |
8 |
8 |
8 |
8 |
14 |
2 |
4 |
4 |
4 |
4 |
15 |
- |
2 |
2 |
2 |
2 |
16 |
- |
- |
- |
- |
- |
- Tapande lag i runde ein og seks av den nasjonale cupen, vil gå vidare til Ponduscupen smaragd.
- Tapande lag i runde to og fem i den nasjonale cupen, vil gå vidare til Ponduscupen rubin.
- Tapande lag i runde tre og fire i den nasjonale cupen, vil gå vidare til Ponduscupen safir.
- Tapande lag i runde ein av Ponduscupen smaragd og runde ein av Ponduscupen rubin, vil gå vidare til Trøystecupen.
Lageffektar
Eit viktig aspekt ved cupane er dei taktiske valmoglegheitene dei fostrar. Å halde seg i cupen for ei lang tid gjev deg fleire konkurransekampar, som òg inneber fleire moglegheiter til å auke sjølvtillit og lagånd. Cupkampar gjev dessutan spelarane dine meir rutine, som til saman med høgare billettsal gjer ei lang cupdeltaking meir verdifull. Men, cupane vil ikkje innverka likt på laget ditt.
Kort og skadar er gjeldande i alle cupane. Viss ein spelar pådreg seg eit kort i ein cupkamp kan han bli suspendert i den påfølgjande seriekampen.
Lagånd, sjølvtillit og stemning hjå tilhengjarane: Berre kampar i den nasjonale cupen og divisjonscupen vil ha ein effekt på desse verdiane. Kampar spelt i ein av dei andre cupane vert rekna som ein treningskamp når det gjeld påverknaden på framtidig lagånd, sjølvtillit og stemning hjå tilhengjarane.
Rutine: Den nasjonale cupen og divisjonscupen gjev spelaren på bana dobbelt så mykje rutine samanlikna med ein seriekamp. Kampar i vandrepokal og trøystecupen gjev spelarane dine halvparten så mykje rutine som dei vil få i ein seriekamp.
Cupinntekter
Tilskodarinntekter er ein viktig føremon frå ein vellukka innsats i cupen. Dess lengre du går i alle cupar, dess fleire tilskodarar vil koma og soleis vil det skapast meir inntekter. Den nasjonale cupen og divisjonscupane er vesentleg meir attraktivt for tilhengjarane enn deira tilsvarande Utfordrar (Pondus)- eller trøystecupar. Medan ein nasjonal cup og divisjonscupkamp (i det minste i dei seinare rundane) kan tiltrekka seg liknande tilskodartal som ein seriekamp, så er dei andre cupane meir samanliknbare med treningskampar når det gjeld tilskodaroppmøte.
Den nasjonale cupen vil tiltrekkja seg tre gonger fleire tilskodarar enn ein internasjonal treningskamp mellom dei to laga ville gjort. Den nasjonale trøystecupen vil tiltrekkja seg dobbelt så mange tilskodarar enn ein internasjonal treningskamp mellom dei to laga ville gjort. Divisjonscupen vil tiltrekkja seg dobbelt så mange tilskodarar enn ein internasjonal treningskamp mellom dei to laga ville gjort. Divisjonstrøystecupen vil tiltrekkja seg 50% fleire tilskodarar enn ein internasjonal treningskamp mellom dei to laga ville gjort.
Heimelaget får 67% av tilskodarinntektene, og bortelaget får 33%. I dei siste 6 rundane deler laga inntektene 50/50. Til vanleg er ikkje tilhengjarane så interesserte i dei fyrste rundane av cupen, men interessa vil auka etter kvart. Det er òg sant at tilhengjarane av lag frå lågare divisjonar gjerne vil sjå ein kamp mot lag frå høgare divisjonar, men det er ikkje sant den motsette vegen. Dei beste laga i cupen mottek noko premiepengar som vist i tabellen under. Det finst ingen toppskårarpremie for cupen.
Nasjonal cup
Plassering |
Nasjonal cup |
Ponduscup |
Trøystecup |
Vinnar |
1 500 000 US$ |
300 000 US$ |
- |
2. plass |
1 000 000 US$ |
150 000 US$ |
- |
Semifinale-exit |
750 000 US$ |
100 000 US$ |
- |
Kvartfinale-exit |
500 000 US$ |
50 000 US$ |
- |
8-delsfinale exit |
250 000 US$ |
25 000 US$ |
- |
16-delsfinale exit |
200 000 US$ |
- |
- |
32-delsfinale exit |
180 000 US$ |
- |
- |
64-delsfinale exit |
160 000 US$ |
- |
- |
128-delsfinale exit |
140 000 US$ |
- |
- |
256-delsfinale exit |
120 000 US$ |
- |
- |
Divisjonscup
Plassering |
Divisjonscup |
Ponduscup |
Trøystecup |
Vinnar |
300 000 US$ |
150 000 US$ |
- |
2. plass |
150 000 US$ |
100 000 US$ |
- |
Semifinale-exit |
100 000 US$ |
50 000 US$ |
- |
Kvartfinale-exit |
50 000 US$ |
25 000 US$ |
- |
8-delsfinale exit |
25 000 US$ |
- |
- |