Spelarar: andre eigenskapar
Alder
Kvar spelar har bursdag og vil bli eitt år meir i løpet av ein Hattrick sesong. Spelarar i seniorlaget vil vere minst 17 år gamle; ungdomsspelarar kan vere yngre.
Hattrick sesongen og ein spelar sitt år er 112 dagar. Det er ingen maksimumsalder for Hattrick spelarar.
Alder i seg sjølv har ingen påverkand på prestasjonane, men det vil bli meir krevjande å trene og oppretthalde evner og kondisjon når ein spelar blir eldre.
Røysnle og lojalitet er noko som kan bidra til å begrense tapet ettersom dei normalt aukast med alderen.
Personlegdom
Alle spelarane har sin eigen personlegdom. Dei kan vera omgjengelege eller ufordragelege, leiarar eller einstøingar, sinnataggar eller rolege. Spelarevner har meir å sei for prestasjonane på bana, men det kan til dømes vera lurt å ha ein kaptein med god leiarevne. Meir informasjon om korleis personlegdomen påverkar kampane, finn du i psykologikapitlet.
Røynsle
Spelarar som har spela mange og viktige kampar vil bli meir røynsler, og med denne røynsla vil dra føremon i framtidige kampar på ulike måtar. Å ha røynsle kan påverke spesielle hendingar i kamp, som å skåre eller sleppe inn mål, og bidra til å unngå å miste organiseringa i laget. Me observera røynsla som ein seperat verdi, noko som ikkje er påverka av evnenivået på spelaren. Kva spelte kamp, og kvar type kamp, har ein forskjellig effekt på kor raskt ein spelar aukar i røynsle. Ein spelar treng rundt 100 røynsle-poeng for å stige eitt nivå i røynsle. Røynsle-poeng som blir tildelt etter type kampar er vist i følgjande tabell.
Kamptype |
Røynslepoeng |
Seriekamp |
3.5 |
Kvalifiseringskamp |
7 |
Hovudcup kamp |
7 |
Ponduscup kamp |
1.75 |
Treningskamp |
0.35 |
Internasjonal treningskamp |
0.7 |
HT Master kamp |
17.5 |
Ungdomlag ligakamp |
3.5 |
Ungdomslag treningskamp |
0.35 |
(Gamal) Verdsmeisterskapskamp |
35 |
(Gamal) Verdsmeisterskapsfinale |
70 |
(Gamal) landslagstreningskamp |
7 |
Verdsmeisterkamp |
28 |
Verdsmeisterskap (semi- og finale)
| 56 |
Verdsmeisterskap (Wildcards)
| 14 |
Kontinentale meisterskap |
14 |
Kontinentale meisterskap (kvart, semi og finale) |
21 |
Nasjonscup |
7 |
Nasjonscup (sluttspel) |
14 |
Treningskamp landslaget |
3.5 |
Utfordrarliga |
7 |
Lojalitet
Spelarar med høg lojalitet til klubben presterer betre på bana. Lojaliteten stig med tida spelaren har vore i klubben.
Det finst to typar lojalitet:
Spelarlojalitetsbonus
For kvar påfylgjande dag du har ein spelar i laget ditt, vil han bli litt meir tilknytt og lojal til klubben din. Og jo meir tilknytt og lojal han blir, jo betre vil han spela.
Lojalitet blir opparbeida raskare i starten, og stadig langsamare over tid. Maksimum lojalitet vert nådd etter tre sesongar, men halvvegspunktet vert nådd alt etter 12 veker.
Maksimum bonus: +1 dugleiksnivå i alle evner (ekskludert kondisjon)
Døme: Børge Kilen er ein solid ballfordelar som er akseptabel i forsvar, og han har maks (guddomleg) lojalitet. Han vil då prestera som om han var ein utmerkt ballfordelar som er solid i forsvar (og dette vil også bli reflektert i stjernekarakteren hans).
Når ein spelar når guddomleg lojalitet får han full bonus. Ungdomsspelarane dine startar med guddomleg lojalitet.
Ver venleg og ver merksam på at ein spelar mistar lojaliteten til klubben din om du sel han til ein annan klubb. Så om du ved eit seinare høve kjøper han attende, så må du byggja opp lojaliteten hans frå botn av.
Moderklubbsbonus
Spelarar som spelar for moderklubben sin, slik som ungdomsspelarane dine, og har gjort det heile karrieren sin, vil alltid gje litt ekstra på bana, ettersom dei har ein spesiell plass for klubben i hjarta deira.
Bonus: +0,5 dugleiksnivå på alle evner (ekskludert kondisjon).
Spelarar som har spelt for moderklubben sin heile karrieren vert indikert med eit hjarte-ikon på spelarsida deira. Ver venleg og ver merksam på at ungdomsspelarar du har selt og så kjøpt attende ikkje vil få denne bonusen.
Opparbeiding av båe bonusar
Det er sjølvsagt mogleg for ein spelar å oppnå båe bonusar. Så når du forfremjar ein ungdomsspelar (det er naturlegvis uavhengig av kva ungdomssystem du nyttar) til seniorstallen, så vil han få 1,5 dugleiksnivå i bonus i alle spelarevner (ekskludert kondisjon) heilt til du sel han.
Total Skill Index (TSI)
Total Skill Index (Samla mål på evner) er eit mål på kor god ein spelar er. TSI aukar med trening, men kan òg auka (og minka) med endringar i forma til spelaren.
Form
Dess betre form ein spelar er i, dess betre kan han prestera. Dette dreier seg ikkje om fysisk form, og det har ingen ting å gjera med kor godt trent ein spelar er. Form i Hattrick reflekterer ei rad med forhold som gjer det mogleg for, eller som hindrar, ein spelar å nå det fulle potensialet sitt. Til dømes kan ting som hender i privatlivet til spelarane, påverka prestasjonane deira.
På spelarsida kan du sjå den "noverande forma" til spelaren. Det er den forma som gjeld i kampane. Ein "utmerkt (8)" spelar i "katastrofal (2)" form vil vanlegvis spela dårlegare enn ein "brukbar (6)" spelar i "god (7)" form, til dømes.
Den noverande forma vert påverka i negativ retning av mengda med kondisjonstrening som laget held på med; dess høgare del med kondisjonstrening (prosentvis), dess meir negativ er effekten.
I tillegg finst det ei løynd bakgrunnsform. Denne bakgrunnsforma vert brukt til å rekna ut korleis forma til ein spelar skal endra seg. Under treningsoppdateringa kvar veke vert den noverande forma til spelarane endra, og ho endrar seg då i retning av det nivået som bakgrunnsforma har.
Den noverande forma vert ikkje heilt lik bakgrunnsforma med det same. I staden endrar ho seg i små steg i retning av bakgrunnsforma. Likevel, dess lengre unna den noverande forma ligg frå bakgrunnsforma, dess større vil desse stega i endringa vera.
Etter at den noverande forma har vorte endra under treninga, kan det òg vera at bakgrunnsforma har endra seg. Alle spelarane har den same sjansen for å få denne endringa i bakgrunnsform, og du kan ikkje gjera noko frå eller til for å påverka det.
Likevel, når noko gjer at bakgrunnsforma vert endra, er det fleire faktorar som avgjer kva den nye bakgrunnsforma vert:
-
Om spelaren har vore med og spela kamp i veka som har gått. Dette er veldig viktig.
-
Treningsintensiteten – dess hardare du trenar, dess betre form får spelaren generelt sett.
-
Trenaren din – dess betre trenar, dess betre form får spelaren generelt sett.
-
Formtrenar - ein formtrenar er spesialisert i å betra forma.
-
Assistenttrenarar – assistentane får òg forma til å stiga.
Spesialitetar
Om lag halvparten av spelarane har ein særskild eigenskap kalla "spesialitet", som innverknad på kampar. Alle spelarar med ein spesialitet får 10% bonus på løna.
Det finst 5 ulike hovudspesialitetar tilgjengeleg for spelarar: "teknisk", "snøgg", "hovud", "sterk" og "omskifteleg".
Kvar av desse spesialitetane har både positive og negative sider, og dette vert forklåra nærare i kapitlet Kampar: daudball og spesielle hendingar. Spesialitetar kan òg ha mykje å seia for ulike taktikkar, og dette vert forklåra i taktikk-kapitlet.
To sjeldne spesialitetar finst òg: seiging og lagspelar. Seigingane vil verta snøggare friske etter skadar og kan i tillegg trasse småskadar som kjem i ein kamp. Lagspelarane vil prøve å hjelpe lagkameratane som er i nærleiken på bana. Viss dei lukkast presterer lagkameratane betre, men det kan òg, om dei ikkje lukkast, føre til fall i organiseringa for heile laget.
Skadar
Spelarar kan verta skadde, og ein del av jobben din som manager er å førebu deg når det skulle skje. Som manager kan du gjere fleire tiltak for å redusere risikoen for skade og sikre deg tilgjengeleg reserver i tilfelle det skulle inntreffe.
TRisikoen for skadar aukar med treningsintensiteten, eller etter kor mange assistenttrenarnivå du har i støtteapparatet. Kvart nivå av assistentrenar vil ha ei auke i skaderisikoen, medan tilsetting av lege vil redusere risikoen..
Dei fleste skadane vil skje under kampar. Grad av alvorlegheit vil variere frå småskadd til meir alvorlege saker som vil ta mange veker å bli frisk frå. Igjen, å ha lege i støtteapparatet vil redusere tida det tek å bli frisk. Alderen på spelaren er også ganske vesentleg her. Eldre spelarar vil alltid trenge meir tid for å bli heilt frisk.
Skadelengda er rekna ut i veker, men dette talet er rekna med dei tilsette du har i støtteapparatet. Det vil sei at viss du kvittar deg med legen, så kan estimert skadevarigheit gå opp. For spelarar som nærmar seg førtiåra, så kan det hende at dei aldri blir kvitt skaden sin.
Spelarar kan også pådra seg skader under trening. Som småskadar vil det ikkje hindre spelarar å spele kampar, men spelaren vil få litt prestasjonsreduksjon. Spelaren har ikkje større sjanse til å bli skada, men det er ein større sjanse for å bli alvorleg skada i kampen medan han er småskadd.
Gule og raude kort
Spelarar kan få åtvaringar eller sendt av bana i ein kamp, veldig aggressive spelarar (og spesielt uærlege spelarar som manglar røynsle) oftare enn andre. To gule kort i den same kampen vil automatisk føra til eit raudt kort og at spelaren vert utvist. Utvising vil seie at spelaren må stå over den neste obligatoriske kampen til laget.
Ein spelar vil òg verta nøydd til å stå over den neste kampen når han har fått tre gule kort i dei obligatoriske kampane gjennom sesongen. Kort frå serie-, cup- og kvalifiseringskampar går for det same. Om ein spelar allereie har fått to gule kort i seriekampane, og han får endå eit i ein følgjande cupkamp, må han stå over den neste kampen, same om det er ein serie-, cup- eller kvalifiseringskamp.
Du kan sjekka spelarlista di for å sjå kor mange gule kort spelarane dine har fått før ein kamp. Ein spelar som har fått tre gule kort, eller som har vorte send av bana i førre kampen, vil ha eit raudt kort-symbol på spelarlista, slik at du ser han er utestengd.
Dei utestengde spelarane vil få lov til å spela att, straks laget har spela ein teljande kamp. I tillegg vert rullebladet til alle spelarane sletta på slutten av kvar sesong. Overgangar har ingen innverknad for rullebladet. Ein spelar kan ikkje verta utestengd (eller verta speleklar att) etter ein treningskamp.